Skal, skal ikke, skal!

- Vi skal! seier Christina Krogstad og Martin Venås. Begge har vore på hoppid.no kurset "skal, skal ikke" og no startar dei bedrift.

Martin Venås frå Kristiansund og Christina Krogstad frå Haddal

Martin Venås frå Kristiansund har allereie kundar som venter mens Christina Krogstad frå Haddal er på idéstadiet. Begge ønskjer å starte bedrift.

Tirsdag 15. november gjekk hoppid.no-kurset Skal, skal ikke av stabelen. Hensikten med kurset er å få ei avklaring på om forretningsideen er "god nok", og kva som skal til for å starte eigen verksamheit. Det var Triangel AS som var kurshaldar og det var omlag 10 deltakarar på kurset.

Kundar som ventar
Martin Venås frå Kristiansund er allereie i gang. Han startar opp med bybud og snøbrøyting, og bestillingane ligg på bordet.
- Snøbrøyting er ikkje noko nytt, men eg har utvikla eit system der eg bruker ein firhjuling i staden for traktor. Då kjem eg lettare til, og folk slepp å få hekkane og buskane sine øydelagte.
Dagen har han brukt til å diskutere ideen sin med dei andre kursdeltakarane og til å ta den endelege bestemmelsen.
- Eg fekk den bekreftelsen eg trengte, seier han.

- Snakk med hoppid.no kontakten i kommunen
Christina Krogstad frå Haddal har ein så fersk forretningsidé at ho helst ikkje vil røpe den. Ho bur i Volda og har vore i dialog med banken og med hoppid.no kontoret i kommunen.
- Eg må anbefale alle som lurer på om dei skal starte bedrift om å ta kontakt med sitt lokale hoppid.no kontor. Eg har fått veldig god hjelp og svar på mange spørsmål, seier ho.
Mange gode svar har ho også fått i løpet av avklaringskurset Skal, skal ikke.
- Noko av det viktigaste eg har fått ut av dagen i dag, er at eg ser at det er muleg å starte bedrift. Det er mange ting å ta tak i, men det er fullt muleg, seier ho.

Kursleiar Roald Fiksdal til høgre og Martin Venås

 

Må dekke eit behov i markedet
Kursleiar Roald Fiksdal (til venstre) i Triangel AS skryt av kursgjengen i dag, men seier at den største feilen mange gründerar generelt gjer, er å starte opp utan å vere budd. Mange er utålmodige etter å komme i gang og arbeider ikkje godt nok med forretningsideen.
- Det er viktig å ha ein god forretnignsidé og viktig å finne kva som er det unike. Men det er like viktig å tenke på at ideen din skal dekke eit behov hos kunden. Det må være betalingsvilje i markedet, seier han.

Leiareigenskapar
I løpet av kursdagen har deltakarane vore innom det praktiske rundt det å starte opp og dei ulike selskapsformene. I tillegg har det handla om kva det vil sei å være bedriftsleiar.
- Vi har også snakka ein del om dei kvalitetane ein leiar bør ha. Som leiar kan du ikkje vere god på alt, men det handlar om å kjenne seg sjølv, og sjå kva du kan og kva område du treng å hente inn kunnskap på, seier Fiksdal.

Sjå hoppid.no sin kurskalender for neste tilsvarande kurs.