Trygt heim for ein 50-lapp

Trygt heim for ein 50-lapp

”Trygt heim for ein 50-lapp” er eit tilbod retta mot ungdomsgruppa, då denne er sterkt utsett for trafikkulukker og då spesielt helgeulukker. Fylkestinget har med å innføre denne ordninga eit sterkt håp om å få til ein reduksjon i talet på ulukker der ungdom er involvert.

Målsettinga med ordninga:

1. Trafikktryggleik - få ungdom trygt heim på kvelds-/nattestid.

2. Gi ungdom i distrikta eit minste transporttilbod.

3. Gi ungdom gode vaner i høve kollektivtransport.  

Rutene vil ha fast avgangstid og gå ut i frå faste stader.
 
Turane blir køyrde som ei rute. Rutene vil ha har klare avgrensingar for kva område dei dekkjer, men er likevel fleksibel ved at det kan køyrast inntil 3 km utanfor den fastsatte rutetraseen. Dette betyr at passasjerane blir køyrt så nær heimen som eit rasjonelt transportopplegg kan tillate. Ved køyring utover 3 km frå den fastsatte rutetraseen vil passasjeren måtte betale ordinær drosjetakst for denne delen.
 
Turane må tingast på førehand innan eit nærare angitt klokkeslett og vil berre bli køyrde om det er førehandstingingar. Turane tingast ved dei lokale drosjesentralane.
 
Organisering av arbeidet med innføring av ordninga i fylket
Arbeidet med å førebu ordninga i fylket har vore eit samarbeid mellom samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylke, Ungdomspanelet i Møre og Romsdal, Rauma Taxi, Fylkestryggingsutvalet og Noregs Taxiforbund i Møre og Romsdal. Innføringa av ordninga i nye områder skjer i nært samarbeid med kommunane, ungdomsråda og dei lokale drosjesentralane.
 


"Trygt heim for ein 50-lapp" på Smøla

Frå 1. mai i år blir ordninga ”Trygt heim for ein 50-lapp” starta opp på Smøla. Ordninga gjer at ungdom kan kome seg heim på ein trygg måte i etterkant av offentlege tilstellingar. Turane må bestillast hos drosjene på Smøla – tlf. 71 54 00 70 innan kl. 22.00 på laurdagskvelden, turane blir køyrde rett etter at tilstellingane er slutt. For nærare opplysningar om ordninga kontakt drosjene på Smøla. 

Les meir