Førstegongs inntak til vidaregåande opplæring klart

Førsteinntaket til vidaregåande opplæring er no klart. Det viser at 10.009 søkjarar med ungdomsrett har fått tilbod om plass i denne omgangen.

NB: Alle spørsmål som gjeld eigen søknad om skoleplass, skal rettast til Inntaksseksjonen:
E-post: inntak@mrfylke.no eller telefonnr: 71 25 87 75 (10-13, mån-fre)

 Av desse er 9364 tekne inn til dei vidaregåande skolane i fylket, mens 592 har fått tilbod om læreplass. 252 ungdomsrettssøkjarar står framleis utan tilbod, men erfaringsmessig vil fleire hundre av dei inntatte takke nei til plass, slik at ein god del av dei som står på venteliste, vil kome inn når andreinntaket etter plana blir kjørt 6. august.

Vi har i år færre på venteliste enn i fjor (252 mot 387), og det er formidla fleire søkjarar til læreplass enn på same tid i fjor (592 mot 503). Samtidig har ein også fleire ledige plassar (852 mot 678). Denne auken i ledige plassar gjer seg særleg gjeldande på nordre Sunnmøre der inntakskapasiteten er auka med 100 elevplassar frå i fjor, noko som også har resultert i at færre står utan tilbod i den regionen (123 mot 155 i 2010).

Ved andreinntaket vil ein ta inn vaksne søkjarar til ledige plassar, samtidig som ein vil sørgje for at alle ungdomsrettssøkjarane får plass før skolestart. Formidlinga av lærlingar vil halde fram utover heile hausten.

 Du finn oversikt over inntatte per skole i Møre og Romsdal under Statistikk Inntak.

Kontaktpersonar

Per W. Hoem Per W. Hoem
Fylkesutdanningssjef
71 25 87 85
Send e-post