BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//ACOS//NONSGML CMS 18.1.5087//EN
BEGIN:VEVENT
UID:90e93e75-4b37-c9ab-f467-de929ffa08d0
SUMMARY:Vikingtidsarven og reiselivet – fagleg samling på Åndalsnes
DESCRIPTION:Kvifor inviterer vi til samlinga? Møre og Romsdal fylkeskommune deltek saman med ti andre fylkeskommunar i eit prosjekt som skal utforske grunnlaget for ei nasjonal satsing på vikingtidsarven. Vikingtida er ein kjend og myteomspunnen epoke i norsk historie, og fleire initiativ gjer temaet særleg aktuelt framover. Mellom anna nærmar vi oss tusenårsjubileet for slaget på Stiklestad i 2030. I Møre og Romsdal har vi også vår eiga satsing fram mot jubileet gjennom Valldalsleia 2029. For å utvikle ei slik satsing treng vi kunnskap og innspel frå aktørane i fylket som arbeider med vikingtidsarven og opplevingar knytte til han. På samlinga ønskjer vi derfor å utforske: Kva ambisjonar har aktørane i Møre og Romsdal? Kva utviklingsmoglegheiter ser dei? Kva bør ei nasjonal satsing innehalde? Korleis kan vi arbeide vidare med vikingtidsarven og reiselivet i Møre og Romsdal? Program / innhald Velkomen og bakgrunn ved Arve Nytun og Lillian Sæther Musea i Møre og Romsdal: Korleis arbeider dei tre regionmusea med vikingtidsarven, og kva opplevingar og tilbod har dei for besøkande? Hodr Vikingsete: status, planar og visjonar framover Horgheim Skysstasjon ved Liv Jorunn Horgeim: status, planar og visjonar framover Visit Northwest AS: trendar i reiselivet, kva dei reisande etterspør, og kort om prosjektet saman med Hareid kommune Frå regionalt samarbeid til ei mogleg nasjonal satsing: orientering om mellomprosjektet ved Ståle Brandshaug, 2469 Reiselivsutvikling Lunsj Etter lunsj blir det workshop: Kva bør ei satsing på vikingtidsarven innehalde, og kva ønskjer vi å utvikle vidare i Møre og Romsdal? Workshopen blir leia av 2469 Reiselivsutvikling i samarbeid med Arve Nytun og Lillian Sæther. Arrangementet er gratis. Påmelding Påmeldingsfrist: tirsdag 1. desember Kontakt Lillian Sæther Rådgivar - reiseliv Møre og Romsdal fylkeskommune 71 28 01 23 | lillian.sether@mrfylke.no Arve Eiken Nytun Rådgivar - kultur Møre og Romsdal fylkeskommune 71 28 03 25 | arve.nytun@mrfylke.no
DTSTART:20261208T100000Z
DTEND:20261208T150000Z
LOCATION:Åndalsnes, Grand hotell
SEQUENCE:0
CREATED:20261029T142735Z
DTSTAMP:20261125T152351Z
END:VEVENT
END:VCALENDAR
