Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

KOMPETANSE- OG REKRUTTERINGSSJEKKEN

Dialog basert strategisk kompetansearbeid i eit kollegialt fellesskap! 

I arbeidet med kompetanseplan og før ei stilling blir lyst ut, er det viktig å analysere utviklingsbehova. Vidare er det viktig å kartlegge kva kompetanse som alt finst i organisasjonen,før vi etterspør ny kompetanse.

Ved å analysere kva vi har behov for, får vi teikna eit bilete av kva vi er ute etter å utvikle eller rekruttere.

Kompetanse- og rekrutteringssjekken – eit nyttig hjelpemiddel i analysearbeidet

Kompetanse- og rekrutteringssjekken er ei samling viktige sjekkpunkt både i rekrutteringsprosessen og i arbeidet med å lage kompetanseplanar for verksemda. Gå gjennom denne lista i kollegiet i samband med stillingsplanarbeidet som grunnlag for å vurdere kva kompetanse som skal utviklast hos dei som er tilsett og kva som ev. må rekrutterast eksternt.

Første fase - Vår strategiske ambisjon

  1. Korleis ser vår verksemd ut om fem år?
  2. Kven er våre kunder/brukere/pasientar/elevar/studenter da?
  3. Kva etterspør dei?
  4. Kva skal vi levere av produkter, tenester og system?
  5. Korleis skal vi gjere dette?

Andre fase – Kor står vi i dag?

  1. Kor står vi strategisk ift. ønska fremtidig situasjon?
  2. Kor står vi ressursmessig (f.eks innanfor områda økonomi, kunde/brukerundersøkingar, arbeidsmiljø)
  3. Kor står vi med omsyn til kompetanse ift. dei tenestene det er venta at vi skal levere?
  4. Kor langt frå vår ambisjon er vi?

Tredje fase – Konkurranse?

  1. Er vi attraktive og innovative?
  2. Kva gjer vi som vidareutviklar og byggjer vårt rennomé
  3. Kva for omdøme har vi som arbeidsgivar?
  4. Kva for fortrinn har vi i konkurransen om arbeidskrafta i marknaden?
  5. Korleis kan vårt tenestespekter verte trua i fremtida, og kor kan vi møte konkurranse?

Fjerde fase – Tiltak og handlingsplan

  1. Kva er det viktig å behalde?
  2. Kva må vi slutte å gjere/avvikle?
  3. Kva for utviklingsbehov ser vi og kva må settast igang på kort og lang sikt?
  4. Kva må vi mobilisere internt og kva må vi hente utenfra?
  5. Kva for alternativ ser vi for å oppnå ønska fremtidig situasjon?