Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Etiske retningslinjer

Dei etiske retningslinjene vart vedtatt av fylkestinget 15. oktober 2018 (T-39/18). 

Verdigrunnlaget

Verdiane som fylkeskommunen baserer verksemda si på, er nedfelt i arbeidsgivarpolitikken vår

  • Respekt, likeverd og medråderett skal ligge til grunn for møte med brukarane våre og innbyggjarane i Møre og Romsdal.
  • Vi  skal vere ein open organisasjon som både legg til rette for offentleg innsyn i fylkeskommunal forvaltinga og gir relevant og tilstrekkeleg informasjon i eit enkelt språk.
  • Vi forvaltar samfunnets fellesmidlar, og har eit fellesskapsansvarpå vegner av innbyggjarane i Møre og Romsdal. Vi skal forvalte fylkeskommunen sine ressursar på den mest bærekraftige og økonomisk rasjonelle måte.
 

Medarbeidarskapet

Eit godt medarbeidarskap er basert på bevisste haldningar om habilitet, integritet og ansvar.

  • Vi tek ansvar for å fremme eit godt og inkluderande arbeidsmiljø fritt for mobbing, trakassering og diskriminering.
  • Vi skal alltid vurdere habiliteten vår i alle saker der det blir teke avgjerder eller lagt til rette for avgjerder. Alle har ei sjølvstendig plikt til å melde frå til næraste overordna leiar om private forhold og interesser som kan påverke avgjerder eller utføringa av oppgåver for fylkeskommunen.
  • Vi kan ikkje ha eller ta anna lønna arbeid, eller etablere næringsverksemd av eit slikt omfang eller art, at det kan gå ut over arbeidet i fylkeskommunen eller svekke tilliten til fylkeskommunen si forvaltning. Når det aktuelt å ta anna lønna arbeid, eller etablere anna næringsverksemd skal arbeidstakar ta dette opp med næraste leiar.u
 

Profesjonalitet

Profesjonell yrkesutøving skal vere basert på fagleg kunnskap og kompetanse, verdiar og haldningar.

  • Vi arbeider lojalt for å nå fylkeskommunen sine mål og sette i verk administrative og politiske vedtak. Faglege vurderingar og skjønn basert på kompetanse skal ligge til grunn for tenesteutøving, myndeutøving og rådgiving, men fagkompetansen vår forvaltar og utøver vi i eit heilskapleg, fylkeskommunalt perspektiv.
  • Vi kan ikkje ta imot  eller gi personlege gåver eller personlege fordelar av ein art som kan påverke, eller vere eigna til å påverke, handlingar, sakførebuingar eller vedtak.
  • Vi kan ikkje bruke fylkeskommunalt utstyr eller fylkeskommunal eigedom til private formål utan løyve frå arbeidsgivar. Når det gjeld bruk av pc og mobiltelefon vert det vist til retningsliner om informasjonssikkerheit (sjå fotnote 1). 
  • Vi skal ikkje bruke fylkeskommunen sine innkjøpsavtalar eller rabattordningar til privat bruk. Vi kan heller ikkje foreta privat bestilling frå leverandørar vi som tilsette har kontakt med som representant for fylkeskommunen, når dette kan skape tvil om samanblanding av offentlege og private midlar.
 

Ytringsfridom og varsling

Ytringsfridom er ein grunnleggande rett i samfunnet vårt, men ytringsfridomen har likevel nokre grenser i eit arbeidsforhold.

  • Vi kan delta i samfunnsdebatten og uttale oss på eigne vegner, men vi må vere tydelege på skiljet mellom den profesjonelle rolla vår og private engasjement. Ytringsfridommen vår må bli praktisert innafor lojalitetsplikta i eit arbeidsforhold.
  • Vi har rett og plikt til å varsle om kritikkverdige forhold. Varsling bør først skje internt, og følgje fastsette rutinar for varsling av kritikkverdigeforhold.
 

Etisk refleksjon

Kultur for læring står sentralt i fylkeskommunen sin arbeidsgivarpolitikk.

  • Leiarane skal legge til rette for at tilsette er kjent med, og har forstått fylkeskommunen sine etiske retningslinjer. Leiarar har eit særleg ansvar for å tydeleggjere kva som er etisk forsvarleg åtferd, legge til rette for etisk refleksjon over praksis, og byggje ein kultur basert på openheit og tillit.
  • Vi har eit personleg og sjølvstendig ansvar for å følge fylkeskommunen sine etiske retningslinjer. Tvilstilfelle tek vi opp med nærmaste leiar. Brot på dei etiske retningslinjene vil medføre oppfølging av arbeidsgivar, og kan i alvorlege tilfelle få konsekvensar for arbeidsforholdet.
  • Vi har alle ansvar for å bidra til kunnskapsdeling og systematisk refleksjon over eigen og andre sin arbeidspraksis. Slik sikrar vi kvalitet og utviklar tenestene våre.
 

Kontaktpersonar

Kari Gagnat Kari Gagnat
Rådgivar
71 28 01 98 /
Mob. 995 31 235
Send e-post
Marianne Bye Marianne Bye
Rådgivar
71 28 01 76
Send e-post

Dokument

Nye etiske retningslinjer 2018
PDF-dokument - 129,76 kB