Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Kari Gagnat Kari Gagnat
Rådgivar
71 28 01 98 /
Mob. 995 31 235
Send e-post

Nye etiske retningslinjer

Fylkestinget vedtok 15. oktober etiske retningslinjer for tilsette i fylkeskommunen.

Våre nye etiske retningslinjer bygger på dei sentrale elementa i arbeidsgjevarpolitikken til Møre og Romsdal fylkeskommune. Ein høg etisk standard på alt vi gjer er avgjerande for at dei som tek i mot våre tenester eller som vi samarbeider med, skal ha tillit til oss. Våre nye etiske retningslinjer skal vere ein hjelp for oss til å ta gode val når vi møter etisk krevjande problemstillingar i arbeidskvardagen.

Leiarane har eit særskilt ansvar for å gjere dei etiske retningslinjene kjente og også for å legge til rette for etisk refleksjon over praksis. Men som tilsette i Møre og Romsdal fylkeskommune har vi alle eit personleg og sjølvstendig ansvar for å  følgje dei etiske retningslinjene, og til å bidra til kunnskapsdeling og refleksjon over eigen og andre sin arbeidspraksis. Slik sikrar vi kvalitet på tenestene og utviklar tenestene våre vidare.

Våre nye etiske retningslinjer finn du på www.mrfylke.no/etiskeretningslinjer