Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Regional og næring > Resultat frå bruk av regionale utviklingsmidlar

Resultat frå bruk av regionale utviklingsmidlar

Møre og Romsdal fylkeskommune forvaltar regionale utviklingsmidlar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I oppdragsbrevet frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet heiter det at fylkeskommunane skal prioritere bruken av dei regionale utviklingsmidlane i forpliktande partnarskap med næringslivet og andre aktørar lokalt og regionalt. Vidare står det at vi skal legge vekt på kvalitet i prosjekt som det blir løyvd støtte til. Her finn du oversikt over korleis regionale utviklingsmidlar blir brukt i Møre og Romsdal.

Døme på bruk av regionale utviklingsmidlar i Møre og Romsdal

Kva er regionale utviklingsmidlar?

Regionale utviklingsmidlar er pengar som Kommunal- og moderniseringsdepartementet stiller til disposisjon for fylkeskommunane. Løyvinga blir gitt over Statsbudsjettet kap. 551, post 60. Ramma for 2016 er fastsett til 77,5 mill. kroner. I oppdragsbrevet frå departementet ligg det føringar for korleis midlane skal nyttast.

Verdiskaping i Møre og Romsdal

Verdiskaping er eitt av satsingsområda i fylkesplanen til Møre og Romsdal. Møre og Romsdal fylkeskommune utarbeider årlege handlingsprogram for verdiskaping i tett samarbeid med Innovasjon Norge, Norges forskningsråd, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, LO, NHO, SIVA, KS og NAV. Handlingsprogram verdiskaping viser kva innsatsområde og tiltak partnarskapen prioriterer. Dei regionale utviklingsmidlane frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet er den viktigaste finansieringskjelda til handlingsprogrammet.