Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Tannhelse

Her finn du intranettsidene til tannhelsesektoren i Møre og Romsdal fylkeskommune. Sidene er primært laga for eigne tilsette i fylkeskommunen, men er tilgjengelege for alle nettbrukarar. Her finn du også nyttig informasjon om IT-systema som nyttast innan tannhelse, med brukarrettleiingar, spørsmål og svar og relevante kontaktpersoner.


Nye telefonnummer - fylkestannlegens kontor

Sentraladministrasjonen i fylkeskommunen går over på ny telefoniløysing i haust. Frå torsdag 27. oktober gjeld desse nye telefonnummera for fylkestannlegens kontor: 

Eva Refsnæs Konsulent 712 80 300 (ekspedisjon)
Anthony N. Valen Fylkestannlege 71280201
Morten Larsen Administrasjonsleiar 71280203
Liv Reidun L. Mjelve Konsulent 71280202
Inger Holmeset Folkehelserådgivar 71280197
Ingrid W. Larsen Rådgivar 71280172
Les meir

Ny tannlege på DTK Harøya

Carl Caoile er nytilsett tannlege på Harøya i Sandøy kommune, som har omlag 1000 innbyggarar.

Les meir

Tannlegeutdanning i Polen gir autorisasjon

Norske tannlegar som er utdanna i Polen vil no få autorisasjon i Norge etter fullført utdanning, utan først å måtte gjenomføre eit praksisår med rettleiing.

Les meir

Framtidig forankring av den offentlege tannhelsetenesta

Fylkesutvalet behandla 19. september, sak U-101/16, regjeringa sitt høyringsforslag om lovendringar knytt til overføring av den offentlege tannhelsetenesta til kommunane.

Les meir

Nytilsett rådgivar hos fylkestannlegen

Ingrid Walstad Larsen (29) er frå september 2016 tilsett som rådgivar ved fylkestannlegekontoret. Ho er utdanna sosiolog, og har dei 2 siste åra vore trainee i fylkeskommunen.

Les meir

Medarbeidarsamtale og kompetanseutvikling

Den årlege medarbeidar- og utviklingssamtalen, som alle tilsette skal ha med sin leiar, er ein viktig førestnad for kompetanseutvikling i tannhelsetenesta. Som førebuing til samtalen skal kvar enkelt tilsett sjølv oppdatere sin formal- og realkompetanse og ønska kompetanseutvikling i kompetansemodulen i Visma. 

Les meir

Administrasjonskonsulent i 100% stilling i Ålesund kompetanseregion (intern utlysing)

For å styrke dei administrative og merkantile funksjonane i kompetanseregionen, blir det oppretta fast 100% stilling som administrasjonskonsulent. 

Stillinga er administrativt underlagt overtannlegen og arbeidsstad er f.t. DTK Bjørgvin.

Søknadsfrist er 12. oktober. Nærare opplysningar og elektronisk søknadsskjema finn du her.

Les meir

Tjue nye tannhelsemedarbeidarar på introduksjonsdag

100 nye medarbeidarar var samla til introduksjonsdag på Alexandra hotell i Molde 21. september. Tjue av dei var representert frå tannhelsetenesta.

Les meir

Tannhelsetenesta representert på internasjonal kongress om oral helse hos pasientar med spesielle behov

Kjeveortoped Gisela Vasconcelos presenterte i april sin studie om pasientar med Prader-Willi syndrom på den internasjonale IADH-kongressen i Chicago om funksjonshemma og oral helse.

Les meir

Vartdal tilsett som overtannlege i Søre Sunnmøre kompetanseregion

Hege Myklebust Vartdal blir ny overtannlege i Søre Sunnmøre kompetanseregion etter Gunnar Eikrem, som går av med pensjon 1. juli.

Les meir