Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Tannhelse

Her finn du intranettsidene til tannhelsesektoren i Møre og Romsdal fylkeskommune. Sidene er primært laga for eigne tilsette i fylkeskommunen, men er tilgjengelege for alle nettbrukarar. Her finn du også nyttig informasjon om IT-systema som nyttast innan tannhelse, med brukarrettleiingar, spørsmål og svar og relevante kontaktpersoner.


Hjeltnes ny overtannlege i Ålesund kompetanseregion

Are Kristofer Hjeltnes (44) er tilsett som overtannlege i Ålesund kompetanseregion.

Les meir

Konstituering i stilling som overtannlege i Molde kompetanseregion

Klinikkleder ved DTK Batnfjordsøra, Folkert Seetzen, er med virkning fra 8. april konstituert i stillingen som overtannlege i Molde kompetanseregion.

Les meir

Årsrapport 2015 for tannhelsetenesta

Årsrapporten for den offentlege tannhelsetenesta gir ein utfyllande framstilling av verksemda i 2015.

Les meir

- Kan du gape som en løve?

Flott reportasje i Tidens Krav etter besøk på distriktstannklinikken i Kristiansund. - Venne barnet til kontrollar, gjere det til ei hyggeleg oppleving. Då må du vere både pedagog og psykolog, seier tannlege Eva Bosse i reportasjen om korleis samfunnsoppdraget vårt i den offentlege tannhelsetenesta artar seg.

Les meir

Sara på frivilligarbeid i Zimbabwe

Tannlege Sara Rutley, som jobbar ved distriktstannklinikken i Surnadal, har nyleg deltatt i frivillig arbeid i Zimbabwe i regi av "Tandläkare Utan Gränser". I denne reiseskildringa delar ho opplevingar og refleksjonar rundt dei store kontrastane mellom vårt velordna samfunn og verkelegheita ho opplevde i Afrika nokre veker i februar.

Les meir

Kompetanseregionar i tannhelsetenesta frå 1.1.2016

Gjennom Regional delplan tannhelse (vedtatt av fylkestinget i 2013) og økonomiplan 2015-2018 er det tatt avgjerd om å gå frå 5 tannhelsedistrikt til 4 kompetanseregionar. 

Les meir

Nye samarbeidsavtaler med kommunane

Det er ei sentral målsetting i Regional delplan tannhelse å revidere samarbeidsavtalene med kommunane om det førebyggande tannhelsearbeidet. 

Les meir

Spesialisering i pedodonti - søknadsfrist 25. oktober

Den offentlege tannehelsetenesta i Møre og Romsdal har behov for spesialist i pedodonti. Har du lyst til å vidareutdanne deg ?   

Les meir

- Hjemme igjen

Tannlege Kristine M. Block har nyleg deltatt på eit internasjonalt tannhelseprosjekt  i Dar es Salaam og Morogoro-provinsen i Tanzania. Her kjem hennar tredje reisebrev. 

Les meir

Ledige stillingar i tannhelsetenesta

6 tannlegstillingar og 1 tannhelsesekretærstilling er lyste ut med søknadsfrist 30. oktober. Meir informasjon her: http://mrfylke.no/Intranett/Tenesteomraade/Tannhelse/Ledige-stillingar

Les meir