Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Beredskap

Beredskap

Plan for beredskap og krisehandtering i tannhelsetenesta føreligg no i versjon 1.1, oppdatert 23.11.2018 (lastast ned i høgremenyen).  

Målet med beredskapsplanarbeidet er ei førebyggande, effektiv og god krisehandtering. Planen byggjer på fylkeskommunens overordna beredskapsplan og er tilpassa tannhelsetenesta sin organisering og tenestestruktur.

Med krise forstår vi ei hending eller forhold som kan forårsake alvorleg skade på menneske, miljø og uerstattelege verdiar og/eller svekke organisasjonen sin evne til å utføre viktige funksjonar. Beredskap er å planlegge og førebu tiltak for å avgrense eller handtere kriser eller andre uønska hendingar på ein best mogleg måte.

Tannhelsetenesta sin plan for beredskap og krisehandtering har primært leiarnivåa i tannhelsetenesta som målgruppe, og inneheld fire hovuddelar:

  1. Administrativ del (mål, oppbygging, revisjon)
  2. Ansvars- og oppgåvefordeling (prinsipp, organisering, ressursar)
  3. Varsling og informasjonshandtering (varsling,rapportering, informasjonsberedskap)
  4. Innsatsplanar (og vedleggsdel med m.a. varslingsplakat, malar og sjekklister)
    Innsatsplanene dekker desse områda:
  • Skade/død på tilsett/pasient   
  • Brann, eksplosjon og evakuering   
  • Truslar, vald, terror eller gisseltaking   
  • Kriminell handling utført av tilsett i teneste   
  • Spreiing av smitte og utbrot av smittefarleg sjukdom/pandemi   
  • Bortfall av kritisk infrastruktur og ressursar

Det er alle medarbeidarar sitt ansvar å vise aktsemd, og melde frå om alvorlege hendingar eller situasjonar som kan utvikle seg til å bli alvorlege. Det er betre å varsle ein gong for mykje enn ein gong for lite.

Beredskapsplanen og varslingsplanen kan lastast ned frå høgremenyen.

Kontaktpersonar

Anthony Normann Valen Anthony Normann Valen
Fylkestannlege
71 28 02 01
Send e-post
Morten Larsen Morten Larsen
Administrasjonsleiar
71 28 02 03
Send e-post

Dokument