Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

introduksjon

Introduksjon

Nye medarbeidarar har mange forventningar til sine nye arbeidsoppgåver og til sin nye arbeidsplass. Det første møtet med arbeidslivet og/eller ny jobb er for dei fleste ein stor overgang, og introduksjonsfasen er viktig for å få rask fagleg og sosial integrering. Introduksjonsprogrammet skal vere eit viktig bidrag til trivsel, tryggheit, produktivitet og høg behandlingskvalitet i tannhelsetenesta.

Vi ønskjer at nytilsette skal føle seg velkommen, ønska og ivaretatt. Ved å være til stades for våre medarbeidarar og vise at vi tar medarbeidarutvikling på alvor, kan vi bygge eit omdømme som kommuniserer Møre og Romsdal fylkeskommune som en attraktiv arbeidsgivar.

Leiarverktøy

Introduksjonsprogrammet er primært eit leiarverktøy som tar for seg ulike fasar i introduksjonsprosessen, frå før oppstart og i løpet av det første året i jobben. Oppfølging i prøvetida på 6 månader er integrert i programmet. Den viktigaste introduksjonen skjer på klinikken, og hovudansvaret for den daglege introduksjonen ligg hos næraste leiar. For å sette leiarane betre i stand til å motta nytilsette på ein god måte inneheld programmet skjemaverktøy og samtalemal. 

Gjennom kvalitetssikra og føreseieleg introduksjon gir vi gode føresetnader for at nye medarbeidarar raskt tileignar seg oversikt, innsikt og forståing for arbeidsoppgåvene. Ambisjonen er at introduksjonsprogrammet skal framstå positivt og profesjonelt og at tiltaka skal famne om alt frå praktisk informasjon om kvardagen på klinikken, kunnskap om rettar og plikter som fylkeskommunal arbeidstakar, sikring av fagleg tilpassing/utvikling og kunnskap om tannhelsetenesta sitt samfunnsoppdrag.

Innhald

Introduksjonsprogrammet består av tre delar:

  • Del 1 tar for seg målsetting og arbeidsgivarpolitisk forankring
  • Del 2 er introduksjonsmanualen som beskriv ulike fasar, praktiske gjeremål og ansvarsnivå.
  • Del 3 er «verktøykassa» og inneheld
    • sjekkliste for kvalitetssikring av at introduksjonstiltaka blir oppfølgt
    • samtalemal for oppstartssamtale og oppfølgingssamtaler i prøvetidsperioden på 6 månader

Heile programmet er tilgjengeleg for nedlasting i høgremenyen.

Del 2 og 3 er tilgjengeleg på intranett i menypunktet «For klinikkleiarar og overtannlegar». Menypunktet "For nytilsette" inneheld informasjon og nyttige linkar, skjema og dokument som nye medarbeidarar har bruk for i sin arbeidskvardag.
Onboarding

Den teoretiske tilnærminga til introduksjonen byggjer på prinsippa for onboarding, eller organisasjonssosialisering. Dette handlar om kva nytilsette må tileigne seg av kunnskap for å bli eit velfungerande medlem av organisasjonen. Sentralt står utvikling av

  • jobbrelaterte ferdigheiter
  • organisasjonsforståing
  • sosiale relasjonar på arbeidsplassen

Tidleg organisasjonssosialisering er av stor betyding for korleis medarbeidaren finn seg til rette og fungerer i organisasjonen på lang sikt. God introduksjon påverkar viktige faktorar som jobbtilfredsheit, engasjement, produktivitet og turnover. 

Meir om utviklinga av introduksjonsprogrammet og teoretisk/metodisk innfallsvinkel går fram av prosjektrapporten «Nytt introduksjonsprogram for tannhelsetenesta i Møre og Romsdal fylkeskommune - teoretisk og metodisk bakteppe», utarbeidd av trainee Ingrid Walstad Larsen, 30.04.2015. Denne kan lastast ned i høgremenyen.

Kontaktpersonar

Morten Larsen Morten Larsen
Administrasjonsleiar
71 28 02 03
Send e-post
Anthony Normann Valen Anthony Normann Valen
Fylkestannlege
71 28 02 01
Send e-post