Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kompetanse

Kompetanse

Den offentlege tannhelsetenesta gir eit tenestetilbod som krev høg og spesialisert kompetanse, og tilhøva skal leggjast til rette for at alle tilsette kan vedlikehalde og vidareutvikle sin kompetanse i takt med den faglege utviklinga innanfor tannhelsefaget. Kompetanseutvikling i tannhelsetenesta handlar om å utvikle medarbeidarane sin kompetanse som organisasjonen treng for best mogleg måloppnåing.

Revidert versjon av "Plan for kompetanseutvikling i tannhelsetenesta - strategi, mål og rammer" er godkjent i SAMU-T 21.6.2017. Planen kan lastast ned i høgremenyen.

Planen består av fem delar med vedlagte malar/verktøy. Planen tar for seg overordna mål og føringar for kompetanseutvikling i tannhelsetenesta og innheld også vilkår og rammer for individuell deltaking på kompetansetiltak. Planen gir føringar for kompetanseplanene på regionnivå, som skal rullerast åreleg. Eit sentralt prinsipp i planen er kompetansestyring, som inneber målretta og heilskapleg satsing på kompetanse, med vekt på planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak for å sikre at den til-sette og organisasjonen når sine mål.

Lærande organisasjon - kunnskapsbasert praksis

Tannhelsetenesta ønskjer å vere ein lærande organisasjon med kultur for læring, der dei tilsette lærar av kvarandre i fellesskap og får vidareutvikla sine evne i refleksjon over eigen praksis. Med fokus på oppdatert kompetanse og rett arbeidsfordeling, skal fagprofesjonane innan tannhelsetenesta samhandle om det best moglege behandlingstilbodet for pasientane.

Kompetansestyring

Vi må tenke strategisk riktig kompetanse i tråd med framtidige behov og krav til kvalitet på tenestene. Kompetansestyring inneber målretta og heilskapleg satsing på kompetanse, med vekt på planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak for å sikre at den tilsette og organisasjonen når sine mål.

Ei analyse av kompetansebehovet skal skje i kvar av dei 4 kompetanseregionane og vere grunnlaget for regionen sin kompetanseplan. Kompetansekartlegging er viktig for å bli bevisst kva for ressursar organisasjonen innehar, og kva vi treng av påfyll. Den enkelte tilsette skal sjølv registrere sin kompetanse (både formal og realkompetanse). Den årlege medarbeidar-/utviklingssamtalen skal ta opp i seg kompetanseperspektivet, og identifisere opplæringstiltak saman med andre tiltak som krev oppfølging etter samtalen.

Planen i praktisk bruk:
Kompetanseregistrering (pkt. 2.3 i planen)
Den enkelte tilsette registrerer sjølv sin kompetanse (både formal og realkompetanse). Kartlegginga skjer i Visma kompetansemodul.  Brukarnamn og passord for innlogging til kompetansemodulen er distribuert til alle tilsette. Rettleiing her. Den tilsette har sjølv ansvar for å halde kompetanseoversikten oppdatert. 
Medarbeidar-/utviklingssamtale (pkt. 2.2 i planen)
Overtannlegen (eller klinikkleiarane for større klinikkar) skal kvart år gjennomføre medarbeidar- og utviklingssamtale med sine tilsette som grunnlag for medarbeidarutvikling. Kompetanseutvikling vil inngå i samtalen. Etter samtalen skal det lagast ei oppsummering der eventuelle (ønske om) kompetanseutviklingstiltak blir nedfelt saman med andre tiltak som krev oppfølging etter samtalen. Mal for medarbeidar-/utviklingssamtalen finn du her.  
Regionen sin kompetanseplan (pkt. 2.4 og 6.2 i planen)
Ei analyse av kompetansebehovet skal skje i kvar kompetanseregion og vere grunnlaget for regionen sin kompetanseplan. Eit klinikkleiarmøte i etterkant av gjennomførte medarbeidar-/utviklingssamtalar vil vere ein naturleg arena for overtannlegen for å utarbeide kompetanseplanen. Fylkestannlegen har ansvar for koordinering av regionane sine opplæringsplanar og kompetansetiltak på tvers av regionane.
Kompetansestipend og utgiftsdekking (pkt. 4.1 og 6.1 i planen)
Tildeling av kompetansestipend skal vere eit ledd i den strategiske kompetanseutviklinga og spegle tannhelsetenesta sitt behov for kompetanse, jf. prioritert kompetanse i regionane sine kompetanseplanar. Vilkår og rammer for individuell deltaking på kompetansetiltak er klargjort i planen (del 4). Den tilsette sender søknadsskjema (pkt. 6.1) til overtannlegen for godkjenning før kompetansetiltaket (kurs, studium etc.) tar til. Etter gjennomført kurs/studium sendast reiserekning med alle originalbilag til overtannlegen for godkjenning. Søknadsskjema er tilgjengeleg i høgremenyen.
Finansiering (pkt. 5 i planen)
Utgifter til reise og kostgodtgjersle for dei tilsette i samband med kurs skal gå av det beløpet distrikta har fått tildelt til kompetanseutvikling. Fylkestannlegen fører utgifter til kompetansetiltak på eit eige prosjektnummer; 1149 kompetansemidlar, slik at utgiftene til kompetansehevande tiltak blir synleggjort i rekneskapet på ein oversiktleg måte. Fylkestannlegen vil 2. kvar månad gi overtannlegane oversikt over kor mykje som er nytta av kompetansemidlane på distriktsnivå.
 

Kompetanseårshjulet i tannhelsetenesta:

 

 

 

 

 

Kontaktpersonar

Anthony Normann Valen Anthony Normann Valen
Fylkestannlege
71 28 02 01
Send e-post
Morten Larsen Morten Larsen
Administrasjonsleiar
71 28 02 03
Send e-post

Regional delplan tannhelse

"Vi skal byggje attraktive fagmiljø med høg fagleg standard og utviklingsmoglegheiter for å vere konurransedyktige i kampen om riktig kompetanse." (Regional delplan tannhelse, vedtatt av fylkestinget, T 59/13). Planen kan lastast ned her.

Slik søker du om kompetansemidlar

Søknadsskjema - kompetansestipend

Søknadsskjema skal sendast til overtannlegen for godkjenning før kompetansetiltaket. Etter gjennomført tiltak sendast reiserekning med alle originalbilag til overtannlegen for godkjenning.