Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Tannhelse > Nyheiter > Leiarsamling i tannhelsetenesta

Leiarsamling i tannhelsetenesta

Korleis kan leiarutvikling bidra til å gjere tannhelsetenesta til ein lærande organisasjon? Dette spørsmålet stod sentralt under leiarsamlinga i tannhelsetenesta i Molde 23. og 24. mai.

Klinikkleiarane var delt inn i grupper på tvers av kompetanseregionane. F.v. Kirsti Kristoffersen (DTK Batnfjordsøra), Navid Masoumi (DTK Aure), Lene Beate Baade Fiksdal (DTK Vestnes), Marit Halkjelsvik (DTK Spjelkavik).

Leiarutvikling er viktig

Dyktige leiarar på alle nivå i tannhelsetenesta blir viktig for å løyse samfunnsoppdraget i lys av endrings- og utviklingsbehovet tenesta står framfor. Utfordringane er mange, krevjande og spennande. Viktige stikkord er behandlingskvalitet, pasientsikkerheit, strukturendringar, underfiansiering og generasjonsskiftet blant behandlarane. 

Vi må lære av kvarandre

Fylkestannlegen samla alle overtannlegane, klinikkleiarane og dei houvdtillitsvalde til to-dagarssamling på Quality Hotel Alexandra i Molde for å diskutere korleis leiing best kan svare på utfordringane vi står framfor. Leiarsamlinga markerte ein førebels avslutning på ein prosess som starta hausten 2017, med dialog og idèverkstadar med alle klinikkleiarane i dei fire kompetanseregionane.

Leiing som fremjar læring og kunnskapsdeling

Ei viktig målsetting med leiarutviklinga har vore å sikre aktiv involvering og forankring hos klinikkleiarane. Evalueringa etter to-dagarssamlinga tyder på at vi saman har skapt betre forståing for leiaråtferd som underbygger målsettinga om tannhelsetenesten som ein lærande organisasjon.

Vi ønskjer ein læringskultur med fokus på kontinuerleg læring og kunnskapsutvikling som er integrert i etablert praksis i den kliniske kvardagen. Gode mellommenneskelege relasjonar og tillitsskapande arbeid er ein føresetnad for deling av kunnskap og kompetanseutvikling. Leiarar må gå foran som gode rollemodellar.

Gjennom kombinasjon av innlegg og arbeid i grupper med case, vart vi bevisstgjort på leiing som to-sidig prosess: Den relasjonelle leiaråtferden gir best effekt, men som leiarar må vi også beherske strukturerande, oppgåveorientert leiing.

Alle innlegga og gruppeoppgåver kan lastast ned frå høgremenyen.

"Tannhelsetenesta skal vere ein lærande organisasjon der dei tilsette får vidareutvikla sin kompetanse gjennom å lære og dele kunnskap i fellesskap med medarbeidarane og gjennom refleksjon over eigen praksis."

(Plan for kompetanseutvikling i tannhelsetenesta, 2016-2018)

 

KLS

Erfaringsdeling gjennom gruppearbeid.

KLS
KLS
KLS
KLS
KLS