Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Tannhelse > Rundskriv > 1997 > 12/1997 - Årsmeldinga for 1997

12/1997 - Årsmeldinga for 1997

Jrn./Arkiv: Molde, 12/02/97
Til: Distriktstannklinikkane i Møre og Romsdal

For 1997 skal ein bruke dei vanlege samandragsskjema, laga til årsmeldinga for 1989. Samandragsskjema gjev oversyn over:

  • Dekningsgrad for tilsyn og behandling av prioriterte grupper og av betalande, vaksne pasientar
  • Tannhelsesituasjonen for indikatorårskulla, d.v.s. 5-, 12- og 18-åringane

Skjema får ein tilsendt frå fylkestannlegen sitt kontor. Rettleiing for utfylling av samandragsskjema følgde som vedlegg til rundskriv nr. 12/89.
 
For gruppe a) gjeld framleis regelen om at born fødde i rapporteringsåret ikkje skal vere med. Det vil for 1997 seie at det er årsklassane 1979 - 1996 (18 årskull) som skal rapporterast.
 
For dei to indikatorårskulla 12- og 18-åringar skal ein gje opp spreiingstal m.o.t. DMF-tenner. Det inneber at vi skal splitte opp gruppene slik at det går fram kor mange i tal og i prosent som har respektive
0 DMFT, 1-4 DMFT, 5-9 DMFT og 10 DMFT eller meir. Desse tala kan vi hente frå samandragsskjema for indikatorårskulla.
 
Slike tabellar for frekvensfordeling kan ein setje opp sjølve, eller be om å få eige skjema tilsendt frå fylkestannlegen sitt kontor. Det skal ikkje kome i staden for, men i tillegg til det vanlege skjemaet.
 
Når det gjeld rapportering av dekningsgrad for gruppe c2, eldre og uføre i heimesjukepleie, har nokre distrikt, i tillegg til den obligatoriske rapporteringa, rapportert kor mange c2-pasientar som har fått tilbod, men som har takka nei eller ikkje svart. Dette er gjort for å få fram eit mest mogleg korrekt bilete av tannhelsetilbodet til denne gruppa.
Dei som har gjort slike registreringar, bør rapportere dei i årsmeldinga.
 
Det skal sendast ei felles årsmelding frå kvart distrikt. Eitt eksemplar av kvart samandragsskjema, fylt ut med data for heile distriktet skal sendast saman med årsmeldinga.
 
Årsmeldinga skal innehalde eit kapitel om internkontrollarbeidet (HMT) i distriktet der det kan kommenterast spesielle avvik og eventuelle tiltak. Internkontroll-kortet og handlingsplanen for HMT-arbeidet i distriktet skal leggast ved årsmeldinga.
 
Vi viser elles til "Systemhandbok for HMT, Nivå 1", spesielt følgjande pkt.:
 

1.3. Retningsmål for HMT-arbeidet
1.4. Resultatmål
4.1. Kva skal rapporterast i årsrapporten?
4.4. Helse-, miljø- og tryggleikskodar (omhandlar m.a. krav om dokumentasjon
av avvik kode 1 og 2)

 
Vi minner også om skjemaet "Registrering av skader" (særleg skjema for tannhelsetenesta, jfr. "Hendingsrapport" i Arbeidsbok for HMT, Nivå 2, kap 3). Dette skjemaet skal sendast til sektorverneombodet som samlerapport for året 1997:
 

Sektorverneombod Jakob Kirkhorn
Distriktstannklinikken Spjelkavik
6018 ÅLESUND

 
Årsmeldinga må vere fylkestannlegen sitt kontor i hende seinast 20. januar 1998.
 
Overtannlegane vil setje frist for innsending frå klinikkane i sitt distrikt. Desse fristane kan variere frå distrikt til distrikt.
I årsmeldinga ber vi overtannlegane rapportere arbeidstid for alle tannlegane i distriktet fordelt slik:

  • total arbeidstid som omfattar tid både på fritt og betalande klientel
  • tid til betalande klientel

Når det gjeld definisjon av tid brukt til betalande klientel, viser vi til nærare omtale i rundskriv nr. 12/89.