Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Tannhelse > Rundskriv > 1997 > 7/1997 - Bruk av etterutdanningsmidlar i 1997 - Distriktsvise kurs

7/1997 - Bruk av etterutdanningsmidlar i 1997 - Distriktsvise kurs

Jrn./Arkiv: Molde, 04/10/97
Til: Distriktstannklinikkane i Møre og Romsdal

I 1997 skal vi på nytt bruke den desentraliserte kursmodellen som vi har nytta annakvart år sidan 1989.
 
Overtannlegane har tidlegare fått tilsagn om midlar til kursverksemda i 1997. Fordelinga av etterutdanningsmidlane mellom distriktsvise kurs og stipend er basert på vedtak i møte i samarbeids- og arbeidsmiljøutvalet 4. mars d.å. Her blei det sett av kr 221.000 til distriktsvise kurs, kr 170.000 til stipend og kr 50.000 som fylkestannlegen disponerer til ulik anna kursverksemd.
 
Overfor fylkestannlegen er overtannlegane ansvarlege når det gjeld praktisk gjennomføring av kursa, rapportering og rekneskap. Sjølv om alle rekningar knytta til kursverksemda må tilvisast av fylkestannlegen sitt kontor, ligg rekneskapsansvaret hos overtannlegen, slik at endeleg oversiktsrekneskap skal sendast hit saman med sluttrapporteringa.
 
Utgifter til reise og kostgodtgjering for dei tilsette i samband med kursa skal gå av det beløpet de har fått tildelt til kursverksemda, jfr. retningslinene i fylkeskommunen si opplæringshandbok. Her heiter det: "Opplæringsbudsjettet skal omfatte kursavgifter, reise og diett, vikarutgifter, forelesningshonorar og andre utgifter i samband med opplæringa." De må altså også budsjettere med/rekneskapsføre slike utgifter.
 
Vi fordeler kr 221.000 på tannhelsedistrikta slik:

Kristiansund Kr. 26 000
Surnadal Kr. 16 000
Sunndal Kr. 10 000
Molde Kr. 40 000
Storfjord Kr. 26 000
Haram Kr. 12 000
Ålesund Kr. 38 000
Ytre søre Sunnmøre Kr. 29 000
Indre søre Sunnmøre Kr. 24 000

 
Vi ønskjer lukke til med kursarrangementa i 1997!