Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Tannhelse > Rundskriv > 1997 > 9/1997 - Bruk av takstane i den offentlege tannhelsetenesta

9/1997 - Bruk av takstane i den offentlege tannhelsetenesta

Jrn./Arkiv: Molde, 06/18/97
Til: Distriktstannklinikkane i Møre og Romsdal

Bruken av takstane blei drøfta på siste overtannlegemøtet. Bakgrunnen var omlegginga av takstsystemet frå 1. januar 1996 og justeringane pr. 1. januar 1997. Særleg reguleringa i 1996 førte til ein vesentleg nedgang i inntektene.
 
Trass i at takstane i gjennomsnitt blei auka med 3,25% frå 1. januar 1997 og vi har færre tannlegestillingar vakante enn tidlegare, har det dei 5 første månadene i år vore ein nedgang i pasientinntektene i høve til same tid i 1996.
 
Føremålet med å ta opp temaet var å få ei einsarta forståing og felles praktisering av takstane i tannhelsetenesta.
 
Konklusjonen på drøftingane på overtannlegemøtet er følgjande:
1. Så langt råd skal stykkprisdebitering nyttast.
2. Når det gjeld kva som er urimeleg honorar, jfr. § 1-1 i forskriftene, skal dette forståast slik at honoraret for ein time ikkje skal overstige 200% av høgt timehonorar, f. t. altså kr 1.428,- pr.time.
3. Ved protetiske arbeid gjeld ikkje avgrensinga under pkt. 2.
 
Eg ber om at retningslinene ovanfor vert sett i verk straks.