Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Foto: https://pixabay.com/static/uploads/photo/2015/01/24/12/27/censorship-610101__180.jpg

Datatryggleik

Datasikkerheit handlar om å trygge dataene til brukarane. 

Datasikkerheit er knytt til konfidensialitet, integritet og tilgjengelegheit: Har rett person tilgang til rett type informasjon? Er informasjonen rett? Og er informasjonen tilgjengeleg?

Konfidensialitet = Å sikre  at informasjon og informasjonssystem berre er tilgjengeleg for dei som skal ha tilgang.

Integritet = å sikre at informasjon og informasjonssystem er korrekte, gyldige og fullstendige.

Tilgjengeleg = Å sikre at informasjon og informasjonssystem er tilgjengeleg innanfor dei krav om tilgjengelegheit som er satt. 

Datasikkerheit i Møre og Romsdal fylkeskommune

Det er utarbeidd eigne dokument og rutiner for datasikkerheit i Møre og Romsdal fylkeskommune. Dei finn du meir om her: tryggleiksdokument

Datasikkerheit i vidaregåande opplæring

Senter for IKT i utdanninga har utarbeidd eigne ressursar for datasikkerheit og personvern til bruk i opplæringa. Du finn desse ressursane på nettsida til senteret.