Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

bannerbilde internasjonalisering

Internasjonalisering

Næringslivet i regionen konkurrerar på den globale marknaden, og tilgang på internasjonale vitskaplege og teknologiske ressursar kan bidra til nye løysingar og auke framtidig verdiskaping i fylket. I fylkesplanen for Møre og Romsdal 2017-2020 er det satt opp som mål at Møre og Romsdal skal ha eit internasjonalt konkurransedyktig næringsliv med eit tett samarbeid mellom næringsliv og akademia, der skulane leverer den kompetansen som næringslivet har behov for.

Utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal Fylkeskommune ønskjer å bidra til at fleire elevar og lærlingar, frå enda fleire utdanningsprogram skal få den nødvendige internasjonale kompetansen som lokalt og nasjonalt næringsliv vil trenge i tida framover. Vi vil derfor arbeide med ein felles Erasmus+ KA102-søknad for mobilitet i fag- og yrkesopplæringa. Dette er eit tilbod for alle dei vidaregåande skulane, fagskulane og opplæringskontora i fylket. For å ta kunne ta del i søknaden må det sendast ein forenkla søknad til utdanningsavdelinga innan 1. desember 2017. Den felles Erasmus-søknaden sendast deretter til Senter for internasjonalisering av utdanning innan 1. februar 2018.

For å skape meir erfaringsdeling og internasjonal nettverksbygging mellom skulane, samt informere om moglegheiter for deltaking i internasjonale prosjekt, blei det arrangert eit internasjonalt seminar 20. september 2017. Materiale frå seminaret finn du her.

 
Søknadsskjema Erasmus - Møre og Romsdal fylkeskommune
Søknadsskjema for deltaking i fylkeskommunen sin felles Erasmus+ KA102-søknad (frist 1. desember).
 
Samarbeidsavtale - fellessøknad Erasmus - Møre og Romsdal fylkeskommune
Samarbeidsavtale mellom fylkeskommunen og den enkelte skolen/opplæringskontoret, for deltaking i den felles Erasmussøknaden
 
Fellessøknad Erasmus - Kva må opplæringskontoret gjere
Informasjon om kva opplæringskontora må gjere for å ta del i søknaden.
 
Fellessøknad Erasmus - Kva må skolen gjere
Informasjon om kva skolane må gjere for å ta del i søknaden.
 
Fellessøknad Erasmus - Retningslinjer og tips for utveljing av deltakarar
Retningslinjer og tips for utveljing av deltakarar.
 
Mal - Learing Agreement
Mal for opplæringsavtale mellom sendar- og mottakarorganisasjon.
 
Mal - Memorandum of Understanding

Mal for samarbeidsavtale mellom sendar- og mottakarorganisasjon (MoU).

Registrering i deltakerdatabasen og hvordan få en PIC-kode
SIU - registrering i deltakerdatabasen (URF) og hvordan få en PIC-kode

 

Kontaktpersonar

Rune Solenes Opstad Rune Solenes Opstad
Prosjektfagleiar
71 28 03 81
Send e-post
Sunniva Hellandsvik  Ødegård Sunniva Hellandsvik Ødegård
Rådgivar
71 28 03 83 /
Mob. +4798096671
Send e-post

Internasjonaliseringsrapport