Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kommunikasjonsarbeid i vgs

Kommunikasjonsarbeid i vgs

Her finn du retningsliner for kommunikasjonsarbeid for dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune. Du finn meir utfyllande informasjon i kommunikasjonsstrategien, som vart vedteken i mars 2015. 

Om pressekontakt:

Rektor skal, og kan uttale seg på vegner av skolen, og står fritt til å avgjere i kva grad tilsette ved skolen kan uttale seg til pressa. Kontroversielle saker skal klarerast med utdanningsavdelinga på førehand. I samband med dette, skal ein rutinemessig varsle informasjonsseksjonen. I krisesituasjonar kan informasjonsseksjonen bistå med mediehandtering.

Pressemeldingar:

I motsetnad til sentraladministrasjonen, står skolar fritt til å sende ut pressemeldingar på eiga hand. Pressemeldingar blir sendt med kopi til info@mrfylke.no og utdanningsavdelinga. Informasjonsseksjonen kan gi råd når det gjeld bodskap og utforming, og har oppdaterte epostlister til media.

Saker på eigne nettsider:

Rektor har redaktøransvar for eigne sider. Alle saker som kan vere av regional interesse og/eller av interesse for ungdom, skal krysspubliserast på www.ungweb.no og www.mrfylke.no.

Grafisk profil:

Skolar skal ha rom til å differensiere seg noko frå Møre og Romsdal fylkeskommune si overordna grafiske profil. Eigen logo er OK, men må vere underordna logoen til Møre og Romsdal fylkeskommune. Fylkeskommunen sin logo skal stå øverst til venstre på brev og konvoluttar. Skolar må nytte same profilfargar og same typografi som fylkeskommunen, men kan nytte eigne grafiske element i samråd med informasjonsseksjonen. Ved utarbeiding/vidareutvikling av eksisterande profilar, skal fylkesvåpenet vere det einaste visuelle elementet i skolane sin logo. 

Nett:

På nett skal dei ulike skolane nytte same tekniske plattform, og det same overordna malsettet. Malsettet skal gi rom for at dei ulike skolane mellom anna skal kunne nytte eigen logo, i tillegg til fylkesvåpenet. 

Profileringsartiklar:

Skolar har fridom til å bestille eigne profileringsartiklar, så lenge ein held seg innanfor innkjøpsregelverk og dei overordna retningslinene til skolen, samt fylkeskommunen sin grafiske profil.

Brevmalar:

Skolane skal nytte standard brevmalar, men kan om dei ønskjer nytte eigen logo, i tillegg til fylkeskommunen sin logo.

Annonsar:

All annonseproduksjon skal gå gjennom informasjonsseksjonen. På intranett finn du ei rekke rettleiingar både når det gjeld korleis sjølve bestillingsprosessen vil gå føre seg, eksempel på ulike typer annonse, utgivelsesdatoar for tidsskrifter, samt nokre dokument og snarvegar angåande rekruttering.

Skilting:

Ny skilting skal følge overordna retningsliner til fylkeskommunen. Det vart utarbeida ein ny skiltmal i 2015, som viser korleis nye skilt skal setjast opp.  Gamle skilt med einskapslogo må skiftast ut av skolen.