Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Utdanning > Nyheiter > Desentralisert ordning – lokal kompetanseutvikling

Desentralisert ordning – lokal kompetanseutvikling

Kunnskapsdepartementet starta i 2017 innføring av desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skolen. Fylkeskommunane kom med i ordninga frå 2019. Hausten 2019 blir det og innført ei desentralisert ordning for kompetanseutvikling innan yrkesfag.

Hensikta med dei desentraliserte ordningane er at bruken av statlege midlar skal bygge opp under fylkeskommunen sitt ansvar for lokal kompetanseutvikling. Målet er at alle fylkeskommunar, gjennom systematisk samarbeid med relevante aktørar, skal bruke sitt handlingsrom til å drive kompetanseutvikling lokalt.

I den desentraliserte ordninga for skole blir statlige midlar for etterutdanning til kommunane og fylkeskommunane kanalisert gjennom fylkesmannsembetet. Fylkesmannen legg til rette for samarbeidsforum der kommunar og fylkeskommunar i fellesskap og i samarbeid med universitet og høgskolar, skal bli einige om korleis dei statlege midlane skal fordelast og nyttast.   

Desentralisert ordning for yrkesfag er lik desentralisert ordning for skole på fleire område, men er ulik på følgande punkt:       

  • Midlar til kompetanseutvikling for målgrupper i fag- og yrkesopplæring går direkte til fylkeskommunen.
  • I tillegg til universitet og høgskolar er det også andre relevante tilbydarar, samarbeidspartar og kompetansemiljø innan yrkesfag enn elles i grunnopplæringa.

­

Her finn du meir informasjon om ordningane.