Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Foto: https://pixabay.com/static/uploads/photo/2015/04/01/23/16/number-703136__180.jpg

Fråværsreglement

Dette reglementet er ein del av ordensreglementet i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Forskrift til Opplæringslova §3-47 Føring av fråvær i vidaregåande opplæring, og gjeldande ordensreglement for dei fylkeskommunale vidaregåande skolane i Møre og Romsdal er grunnlaget for dette reglementet. Denne rutinen er eit vedlegg til ordensreglementet.

 

Fråvær i vidaregåande skole
Det vert rekna som fråvær når eleven ikkje er til stades i opplæringa.

 

Føring av fråvær

§ 1. Fråværet skal førast av faglærar fortløpande, og normalt i løpet av veka. Fråvær som er kortare enn ein time, skal registrerast i minutt.

 

§ 2. Det er eleven sitt ansvar å dokumentere fråværet i forhold til kontaktlærar. For at dokumentert fråvær skal bli synleg i Skolearena, må kontaktlærar inn og endre fråværsårsaka. Dersom eleven er fråværande heile dagen, skal timefråvær gjerast om til heildagsfråvær.

Kontaktlærar har ansvar for at dokumentasjon blir oppbevart så lenge det er nødvendig for føremålet. Oppbevaringa skal vere i samsvar med skolen sine rutinar.

 

§ 3. Eleven pliktar å følgje med på eige fråvær. Eleven må melde frå om eventuell feilføring til faglæraren innan 2 veker etter fråværsdato. Eleven må også melde frå om timefråvær som skal gjerast om til heildagsfråvær, seinast innan 2 veker. Etter 2 veker vil det ikkje bli gjort endringar.

 

§ 4. Dersom ein elev sluttar i eit fag, skal eventuelt fråvær førast fram til registrert sluttdato.

Dersom ein elev byttar fag, skal fråver i tidlegare fag ikkje følgje med. Det same gjeld elev som skiftar skole.

 

§ 5. Dersom det blir gitt opplæring i fleire fag samtidig, for eksempel fagdagar eller skoleturar, må faglærarane i samband med fastsetjing av skolens årsplan avklare kva fag det blir undervist i denne dagen. Det skal også avklarast korleis timane er fordelt på faga.

 

Dokumentasjon/Meldt fråvær:

§ 6 Alt fråvær skal førast. Alt fråvær skal dokumenterast og takast hand om av kontaktlærar for å unngå ordensmerknadar, som meldt fråvær. Slik dokumentasjon kan for eksempel vere:

-          erklæring frå lege eller tannlege

-          timekort frå køyreskole

-          stadfesting på deltaking på turar eller møter med ulike organisasjonar som korps, idrettslag, foreiningar

-          beskjed frå elev eller føresette om fråvær, for eksempel via sms, epost eller telefon

Det er eigne unntak for dokumentasjon som omfattar 10% fraværsgrense, sjå § 11 og vidare i reglementet.  

§ 7. Dersom det er mogleg, skal eleven dokumentere fråværet på førehand. Ved sjukdom skal skolen ved kontaktlærar eller faglærar, ha melding i løpet av første fråværsdag. Dersom eleven må forlate skolen pga. sjukdom eller andre årsaker, skal faglærar eller kontaktlærar ha beskjed.

 

§ 8. Eleven kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset, dersom han eller ho legg fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.

 

Fråvær som ikkje er dokumentert

§ 9. Fråvær utan dokumentasjon kan føre til nedsett karakter i orden eller åtferd.

 

§ 10. Om eleven kjem for seint, forlet klassen eller ikkje møter frå delar av opplæringa utan at dokumentasjon vert lagt fram, skal det registrerast som brot på reglementet.

 

10% regelen

§ 11.     

Dersom ein elev har meir enn 10 prosent udokumentert fråvær i eit fag, vil han eller ho som hovudregel ikkje ha rett til å få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget, og læraren kan heller ikkje sette slike karakterar. 

Unntak kan gjerast dersom fråværet skuldast følgjande:

a. helse og velferdsgrunner

b. arbeid som tillitsvalgt

c. politisk arbeid

d. hjelpearbeid

e. lovpålagt oppmøte

f. representasjon i arrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå, f.eks. idrett eller kultur

(jf. § 3-47 femte ledd a til f)

g.  Elevar vil også kunne få unntatt fråvær på inntil to dagar til religiøse høgtider utanom Den norske kirke, jf. § 3-7 åttande ledd.

Presiseringar pkt a – g : Bestemmelsen i § 18 gjeld.

§ 12.       For å kunne gjere unntak for helsegrunnar må det leggjast fram uttalelse frå lege eller anna sakkyndig.

Fråvær som skuldast kronisk sjukdom kan dokumenterast med eigenmelding frå føresett for umyndige elevar eller frå myndige elevar, når det på førehand er lagt fram uttalelse frå lege eller anna helsefagleg sakkyndig som opplyser at eleven har ein kronisk sjukdom, eller at eleven er under langvarig behandling eller utgreiing av mogleg sjukdom.

Ny uttalelse frå lege eller anna helsefagleg sakkyndig må leggjast fram når rektor krev det.

 

§ 13.  Eleven har sjølv ansvaret for å dokumentere fråværet. Dokumentasjon skal leggjast fram så snart som mogleg.

Sjå § 2 og § 6.

 

§ 14: Viktige reglar om saksbehandling

Elev som står i fare for å nå fråværsgrensa skal ha skriftleg varsel om fare for ikkje å få vurdering med karakter etter forskrift i opplæringslova § 3-7.  Slik varsel skal også sendast til føresette for umyndige elevar.

Varsel skal sendast i god tid slik at det er mogleg for eleven å unngå at fråversgrensa blir nådd.

Elev som har fråvær på meir enn 10 %  av årstimetall i faget skal ikkje ha vurdering med karakter. Rektor må fatte vedtak om dette. Vedtaket skal vere skriftleg og sendast eleven og føresette til umyndige elevar saman med informasjon om moglegheit for å klage. Vedtak om ikkje å setje standpunktkarakter kan påklagast til fylkesutdanningssjefen. Ei eventuell klage skal sendast til skolen.

Rektor kan bruke skjønn for udokumentert fråvær inntil 15 %. Dette gjeld i heilt spesielle tilfelle.

 

§ 15. Situasjonar som ikkje skal førast som fråvær

a)     Organisert studiearbeid og skoleadministrative gjeremål, som deltaking i elevråd eller fylkeselevråd med underliggjande utval, etter avtale med faglærar eller rektor, skal ikkje førast som fråvær. Med organisert studiearbeid meiner ein den delen av opplæringa der elevane etter avtale med skolen arbeider på eiga hand for å nå læreplanmåla. Studiearbeidet skal vere organisert eller tilrettelagt av skolen i større eller mindre grad for klasser, grupper eller enkeltelevar.

b)      Avtalar med rådgivar, helsesøster og pedagogisk-psykologisk teneste skal ikkje førast som fråvær. Eleven har plikt til å dokumentere avtalen.

c)     Utsett eksamen, særskilt eksamen og ny eksamen skal ikkje reknast som fråvær. Dersom eleven ikkje møter opp til eksamen, skal dette førast som fråvær.

d)     Privatisteksamen skal ikkje reknast som fråvær når du tar fag skolen din ikkje tilbyr, og du treng faget for å få vitnemål.

e)     Elevar som deltek på andre aktiviteter i regi av skolen (f.eks fagekskursjonar) skal ikkje ha teljande fråvær i fag dei skulle hatt undervisning i på skolen i den tida aktiviteten varer.

 

10-dagars regel - fråvær som kan krevjast ikkje ført på vitnemål eller kompetansebevis

§ 16 «For inntil samanlagt 10 skoledagar i skoleåret kan eleven krevje at følgjande fråvær ikkje blir ført på vitnemålet eller kompetansebeviset dersom det kan dokumenterast at fråværet skuldast:

 

a. helse- og velferdsgrunnar

b. arbeid som tillitsvald

c. politisk arbeid

d. hjelpearbeid

e. lovpålagt oppmøte

f. representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå

g. inntil 2 dagar for elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norsk kyrkja. Fråværet må være knytt opp mot ei religiøs høgtid.

Krav med tilhøyrande dokumentasjon bør fremjast fortløpande og seinast 2 veker etter fråværet.

Presiseringar pkt a – g : Bestemmelsen i § 18 gjeld.

 

§ 17. For at fråvær som skuldast helsegrunnar ikkje skal førast på vitnemål/kompetansebevis, må eleven leggje fram legeerklæring som dokumentasjon. Fråvær som skuldast helsegrunnar, må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.

 

§18. Presiseringar pkt. a. – f.

 

a) Helse- og velferdsgrunner kan vere:

- sjukdom

- gravferd

- sjuke barn

 

b) Arbeid som tillitsvald kan vere:

- representant i kommunen sitt ungdomsråd

- deltaking på møte eller i anna arbeid i Elevorganisasjonen

 

c) Politisk arbeid kan vere:

- landsmøtedelegat for eit politisk parti

- medlem i kommunestyret

- medlem i Ungdommens fylkesting

- medlem i Ungdomspanelet

- medlem i politiske utval på fylkesnivå

- partirepresentant i skoledebattar

 

d) Hjelpearbeid kan vere:

- deltaking i leiteaksjonar via humanitære organisasjonar

- deltaking i pålagte øvingar for trening til hjelpearbeid i humanitære organisasjonar

 

e) Lovpålagt oppmøte kan vere:

- innkalling til rettssak, vitneinnkalling

- sesjon

 

f) Representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå kan vere:

- deltaking i ulike idrettslege meisterskap eller stemne

- deltaking på konserter, kunst- og kulturarrangement

Kontaktpersonar

Gry Rishaug Hansen Gry Rishaug Hansen
Rådgivar
71 28 03 98 /
Mob. 416 43 033
Send e-post