Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Foto: https://pixabay.com/static/uploads/photo/2015/11/03/09/04/career-1020029__180.jpg

Karrieredagane

Karrieredagane er regionale arenaer for 10. klassingane til å gjere seg kjend med lokalt og regionalt næringsliv.

Karriererettleiingshefte finn du her

Løysningsforslag finn du her

Elevane har her ei unik moglegheit til å skaffe seg kunnskap som kan vere med å avgjere kva for utdanning dei skal velje i vidaregåande skule. 

Karrieredagane er mest mogleg lagt opp slik at elevane kan sjå og erfare kva yrker som finns i bedriftane, og kva arbeidsoppgåver som skjuler seg bak yrkestitlar. 

Det vert lagt ned ein stor innsats i planlegging og gjennomføring av Karrieredagane.

I samarbeid med sentrale aktørar frå utdanning, arbeidsliv, kommunar og organisasjonar inviterer Møre og Romsdal fylkeskommune alle ungdommar på 10. trinn til å vere med på Karrieredagane.

 

Målsettinga er at:

-       Alle avgangselevar skal få eit relevant og levande bilete av utdanningsvegar og arbeids- og karrierevegar i Møre og Romsdal

-       Karrieredagane skal gi dei unge ein sjanse til å finne ut meir om korleis utdannings- og arbeidslivet i eigen region er bygd opp og organisert

-       Arrangementa skal vere ein motivasjonsfaktor for å få ungdom til å velje utdanningsretning og yrke som finst i eigen region og å få betre kjennskap til utradisjonelle yrkes- og karrierevegar på tvers av kjønn og etnisk bakgrunn

 

Tid og stad for dei ulike arrangementa:

Karrieredagane blir arrangert i september/oktober kvart år.

Sjå aktivitetskalenderen for påmelding og nærmare informasjon om det årlege arrangementet

http://mrfylke.no/Kalender

Kontaktpersonar

Rose Mari Skarset Rose Mari Skarset
Seksjonsleiar
71 28 03 76 /
Mob. 915 59 917
Send e-post