Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Informasjon

Minoritetsspråklege elevar har anna morsmål enn norsk, svensk, dansk og samisk.  Unnataket er dei som har budd i Noreg i mange år og dei som har gått alle åra i norsk grunnskole.

Opplæringslova § 3- 12, 12. ledd: (…) Det er eit vilkår for rett til vidaregåande opplæring at søkjaren har lovleg opphald i landet. Ungdom som oppheld seg lovleg i landet i påvente av å få avgjort søknad om opphaldsløyve, har likevel berre rett til vidaregåande opplæring etter denne paragrafen når dei er under 18 år og det er sannsynleg at dei skal vere i Noreg i meir enn tre månader. Dei som oppheld seg lovleg i landet i påvente av å få avgjort søknad om opphaldsløyve, og som fyller 18 år i løpet av eit skoleår, har rett til å fullføre påbegynt skoleår. For dei som får avslag på søknaden om opphaldsløyve, gjeld retten til vidaregåande opplæring etter denne paragrafen fram til dato for endeleg vedtak.

 

Desse elevane skal derfor fylle ut Vedleggsskjema for minoritetsspråklige søkere når dei søker inntak til vidaregåande opplæring. Skjemaet og all dokumentasjon som blir etterspurt skal sendast til Utdanningsavdelinga samtidig som ein søker i Vigo.

Skjema finn du her.

 

Søknadsfristen er 1. mars.

Kontaktpersonar

Kari Trøen Aune Kari Trøen Aune
Rådgiver
71 28 03 66
Send e-post
Kari Volden Kari Volden
Rådgivar
71 28 03 72
Send e-post