Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Oppfølgingstenesta

Oppfølgingstenesta (OT) i Møre og Romsdal

Oppfølgingstenesta (OT) er eit tilbod til ungdom som ikkje er i opplæring eller i arbeid.

Ungdommen må ha ungdomsrett og være mellom 15-21 år.

Alle fylke skal ha ei oppfølgingsteneste (OT) for ungdom som har rett til opplæring og som ikkje er i opplæring eller arbeid. Tenesta gjeld til og med det året dei fyller 21 år. Tenesta omfattar også ungdom som har tapt opplæringsretten etter § 3-8 eller  § 4-6. Departementet har gitt forskrift (kap.13) om oppgåvene til Oppfølgingstenesta:

Formål
Formålet med oppfølgingstenesta er å sørgje for at all ungdom som tilhører målgruppa får tilbod om opplæring, arbeid andre kompetansefremjande tiltak, eventuelt ein kombinasjon av desse. Tilbod som blir formidla gjennom oppfølgingstenesta, skal primært ta sikte på å føre fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller grunnkompetanse innanfor vidaregåande opplæring.

Målgruppe
Målgruppa for oppfølgingstenesta er ungdom som er omfatta av den lovefesta retten til vidaregåande opplæring, og som det aktuelle skoleåret:
* ikkje har søkt eller teke imot elev- eller læreplass 
* avbryt slik opplæring
* ikkje er i arbeid
* har tapt retten som følgje av vedtak om bortvising med heimel i opplæringslova § 3-8 eller som følgje av vedtak om heving av lærekontrakt eller lærekontrakt i samsvar med opplæringslova § 4-6.

Oppgåver
Fylkeskommunen skal gjennom oppfølgingstenesta sørgje for

a) å ha oversikt over målgruppa definert i forskrifta § 13-2, og aktuelle tilbod for målgruppa. Registrering av ungdom som høyrer til ansvarsområdet for oppfølgingstenesta, og som tenesta formidlar tilbod til, skjer gjennom heile året.

b) gi skriftleg informasjon til alle i målgruppa om kva rettar dei har. Føresette til ungdom som ikkje er myndig skal ha same informasjon med mindre denne er underlagt teieplikt etter anna lovgivning.

c) etablere kontakt med kvar enkelt ungdom i målgruppa med sikte på rettleiing og oppfølging.

d) gi alle i målgruppa tilbod i samsvar med § 13-1, eventuelt i samarbeid med andre aktørar.

e) etter behov følje opp ungdom som har teke imot tilbod gjennom oppfølgingstenesta gjennom ei eller fleire rettleiingssamtaler.

 Pliktene gjeld så lenge ungdommen er i målgruppa for oppfølgingstenesta.

Ungdom i målgruppa som ikkje tek imot tilbod gjennom oppfølgingstenesta, og som ikkje er i utdanning eller arbeid, skal kontaktast og gjevast tilbod kvart skoleår så lenge dei er omfatta av den lovfesta retten til vidaregåande opplæring.

Samarbeid og samordning
Oppfølgingstenesta skal sikre tverretatleg samarbeid mellom kommunale, fylkeskommunale og statlege instansar som har ansvar for målgruppa, og formidle, eventuelt samordne, tilbod frå ulike instansar. Aktuelle instansar for samarbeid vil særleg vere grunnskolane og dei vidaregåande skolane, den pedagogisk-psykologiske tenesta, opplæringsadministrasjonen i fylkekommunen, arbeids- og velferdsforvaltinga og helse-og sosialtenestene. Oppfølgingstenesta kan bistå i arbeidet med å redusere fråfallet frå vidaregåande opplæring gjennom samarbeid med grunnskole og vidaregåande opplæring.

Kontaktpersonar

Rose Mari Skarset Rose Mari Skarset
Seksjonsleiar
71 28 03 76 /
Mob. 915 59 917
Send e-post
Rusarbeid

Snarvegar