Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Opplæring i Kriminalomsorgen

Kriminalomsorgen

 

Det er Fylkesmannen i Hordaland som har det landsdekkande ansvaret for den opplæringa som skjer innan kriminalomsorga. Fylkesmannen i Hordaland fordeler midlar til fylkeskommunane, som har ansvar for sjølve opplæringa.

Det er såleis fylkeskommunen som står fagleg og administrativt ansvarleg for all opplæring som skjer i fengsla. Opplæringa skal vere tilpassa den enkelte og det blir difor gitt både grunnskoleopplæring for vaksne, vidaregåande opplæring både for ungdom og vaksne, og andre både kompetansegivande og ikkje kompetansegivande kurs.

I Møre og Romsdal fylkeskommune er det Romsdal videregående skole (Hustad fengsel) og Fagerlia videregående skole  (Ålesund fengsel) som utfører opplæringa i fengsla.

Handlingsplan for opplæring innan kriminalomsorga er under arbeid, den vil etter plana vere ferdig utarbeidd hausten 2018/våren 2019.

Kontaktpersonar

Jorunn Dahle Jorunn Dahle
Rådgivar/PPT-koordinator
71 28 03 79 /
Mob. 926 44 878
Send e-post