Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

PPT

Pedagogisk psykologiske teneste (PPT) for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Den pedagogisk psykologiske tenesta (PPT) er ei lovpålagt teneste som gir tilbod om pedagogisk – psykologisk rådgiving til alle elevar, lærlingar og lærekandidatar som er i vidaregåande opplæring. PPT skal også hjelpe skolane og lærebedriftene i arbeidet med tilrettelagt opplæring og spesialundervisning.
Meir info: Opplæringslova kapittel 5, sjå § 5-6

PPT for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal er knytt til 12 kommunale og interkommunale PPT kontor der bestemte fagpersonar har ansvar for vidaregåande opplæring.   

Dei tilsette i PPT er pedagogar og psykologar med kompetanse på feltet pedagogisk-psykologisk rådgiving og kunnskap om struktur og innhald i den vidaregåande opplæringa.
Meir info: Telefon- og adresseliste til PPT kontor med ansvar for vidaregåande opplæring

Kven kan be om hjelp frå PPT?

Elevar, lærlingar og lærekandidatar (eventuelt saman med føresette) kan be om hjelp til vurdering av fagvanskar eller andre vanskar som gjer læringsarbeidet krevjande og vanskeleg. PPT kan gje råd om tiltak som kan fremje læringa til den einskilde. PPT er sakkunnig instans dersom det er aktuelt å søkje om spesialundervisning.Skolane kan be PPT om hjelp i arbeidet med skolen sin  kompetanse- og organisasjonsutvikling for å leggje forholda til rette for god læring i skolen.  PPT samarbeidar tett med oppfølgingstenesta (OT) i saker som gjeld ungdom som står utan skoleplass, arbeid eller anna sysselsetting.
Meir info: Opplæringslova kapittel 5
Meir info: Oppfølgingstenesta (OT)  

Korleis få kontakt med PPT?

PPT har kontaktpersonar ved alle dei vidaregåande skolane. Kontaktlærarar/rådgjevarar kan syte for å opprette kontakt med PPT. Elevar, lærlingar/lærekandidatar kan også ta direkte kontakt med aktuelt PPT kontor, sjå lenke til adresseliste.  
Dersom det blir aktuelt med tilvising til PPT skal dette skje på eige skjema. Skjemaet finn du under "Malar".

Kva slags hjelp gir PPT?

PPT kan gje råd og rettleiing i saker som er viktige for opplærings- og læringssituasjonen til den einskilde elev, lærling/lærekandidat. Rådgjevinga kan vere knytt til fagvanskar og til personlege eller sosiale problem.
PPT føretek utgreiingar som er viktige for læringsarbeidet til den einskilde og er sakkunnige rådgjevande instans ved søknad om spesialundervisning.
PPT tilvisar vidare og samarbeidar om nødvendig med andre instansar som psykiatriske poliklinikkar, NAV, helsestasjonar.
Dei som arbeidar i PPT har teieplikt, tenester frå PPT er gratis.

Kontaktpersonar

Jorunn Dahle Jorunn Dahle
Rådgivar/PPT-koordinator
71 28 03 79 /
Mob. 926 44 878
Send e-post

Dokument

Handlingsplan for PPT og VGS
DOC-dokument - 70,50 kB
Årsrapportering av Handlingsplana
DOC-dokument - 60,50 kB
Kommunal årsrapportering (blå mal)
DOC-dokument - 70,50 kB
Kravspesifikasjon
PDF-dokument - 141,28 kB