Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Foto: https://pixabay.com/static/uploads/photo/2015/11/05/22/38/cobweb-1025021__180.jpg

Rådgivingsnettverk

Skuleeigar og skuleleiarar har ansvar for at det ved alle skular er eit system for karriererettleiing. Fylkeskommunen bidreg til eit tett samarbeid mellom dei vidaregåande skulane og ungdomstrinnet i dette arbeidet.

Målet er å at elevane skal få så god karriererettleiing at dei tek eit bevisst val av vidaregåande utdanning.

I vårt fylke er aktivitetane for rådgjevarane organisert i fire regionar med ein koordinator i kvar region: Nordmøre, Romsdal, Nordre Sunnmøre og Søre Sunnmøre. Koordinatorane er bindeledd ut til regionane og har konkrete oppgåver mot rådgivarane.

Koordinatorane har i tett samarbeid med skuleeigar i oppgåve å drifte dei regionale nettverka. Dei skal og bidra til andre tiltak som i overgangen mellom ungdomsskulen og den vidaregåande skulen.  Mellom anna tilrettelagt yrkes- og utdanningsrettleiing for elevar som treng det. Både skuleleiinga og rådgivarane deltek i samarbeidet.

Kontaktpersonar:

Seksjonsleiar i fylkeskommunen:  Rose Mari Skarset rose.mari.skarset@mrfylke.no
Søre Sunnmøre:  Liv Ose, Ulstein vgs liv.ose@mrfylke.no
Nordre Sunnmøre:  Liv Toril Amundsen, Borgund vgs liv.toril.amundsen@mrfylke.no
Romsdal: Inger-Kristin Kristiansen, Fræna vgs inger-kristin.kristiansen@mrfylke.no
Nordmøre: Paula Reitan Lie, Kristiansund vgs paula.reitan.lie@mrfylke.no

Aktiviteter i yrkes- og utdanningsveiledninga

Fylkeskommunen gjennomfører fleire arrangement i løpet av eit år, både for elevar, lærarar og rådgjevarar.

Rådgjevingskonferansen

Konferansen er eit tilbod til rådgjevarar både i grunnskole og vidaregåande skule. Ulike tema innanfor karriererettleiing og sosialpedagogikk står på agendaen.

Nettverksmøter

Det blir arrangert fleire nettverksmøter gjennom eit skuleår. Desse møta blir halde regionvis, eller ein slår saman  regionar til felles møte. Desse møta er ein viktig arena i kommunikasjonen mellom skuleeigar og rådgjevarar.

Både sosialpedagogisk rådgjeving og yrkes- og utdanningsrettleiing er tema.

Informasjonsmøter

Etter behov blir det halde informasjonsmøter.  Gjerne i forbindelse med planlegging av tiltak, som til dømes hospiteringa i vidaregåande skule.

Kontaktpersonar

Rose Mari Skarset Rose Mari Skarset
Seksjonsleiar
71 28 03 76 /
Mob. 915 59 917
Send e-post