Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

A-skjema: Fortrinn og individuell vurdering

 
 
Kven kan søkje med FORTRINNSRETT ved inntak til vgo?
 

Søkarar til Vg1                                

- med rett til spesialundervisning etter § 5-1 i opplæringslova og som søkjer om inntak til særskilt utdanningsprogram, jf. § 6-15 i forskrift til opplæringslova.

- med rett til spesialundervisning etter § 5-1 i opplæringslova, og med sterkt nedsett funksjonsevne og behov for omfattande tilrettelegging, jf. § 6-17 i forskrift til opplæringslova.

- med rett til teiknspråkopplæring etter opplæringslova § 3-9, jf. § 6-18 i forskrift til opplæringslova.

- med vedtak om utvida tid, jf. § 6-19 i forskrift til opplæringslova. Gjeld ikkje elevar som har permisjon pga. sjukdom eller anna.

 

Søkarar til Vg2 og Vg3

- med rett til spesialundervisning etter 5-1 opplæringslova, og med sterkt nedsett funksjonsevne og behov for omfattande tilrettelegging, jf. § 6-30 i forskrift til opplæringslova.

- med rett til teiknspråkopplæring etter opplæringslova § 3-9, jf. § 6-31 i forskrift til opplæringslova.

- med vedtak om utvida tid, jf. § 6-32 i forskrift til opplæringslova. Gjeld ikkje elevar som har permisjon pga. sjukdom eller anna.

 
 
Kven kan søkje om INDIVIDUELL VURDERING ved inntak til vgo?
 
Søkarar til Vg1
                              
- med rett til spesialundervisning etter § 5-1 i opplæringslova, og som manglar vurdering med karakter i meir enn halvparten av faga, jf. § 6-22 i forskrift til opplæringslova.
 

Søkarar til Vg2 og Vg3

- med enkeltvedtak om rett til spesialundervisning etter § 5-1 i opplæringslova, og som på grunn av vedtaket ikkje har vurdering med karakter i fleire fag frå Vg1 eller Vg2, kan takast inn til neste nivå på grunnlag av ei individuell vurdering. Dette gjeld også elevar som har grunnkompetanse som mål for opplæringa. Jf. § 6-35 i forskrift til opplæringslova.

- med enkeltvedtak om rett til spesialundervising etter § 5-1 i opplæringslova og som søkjer om individuell vurdering ved inntak til 4. eller 5. år i vidaregåande opplæring, etter opplæringslova § 3-1, femte ledd.  

                       

Elevar som etter saksbehandling får rett til fortrinn eller individuell vurdering etter eitt av punkta her vil få inntak i mars-april.

.

Kontaktpersonar

Kari Trøen Aune Kari Trøen Aune
Rådgiver
71 28 03 66
Send e-post
Kari Volden Kari Volden
Rådgivar
71 28 03 72
Send e-post
Anita Sæther Anita Sæther
Rådgivar
71 28 03 69
Send e-post