Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Melding frå kommune - 1. oktober

Kommunane har ansvar for å melde til fylkeskommunen innan 1. oktober om elevar som går i 10. klasse og som kan ha fortrinnsrett til eit særskilt utdanningsprogram eller fortrinnsrett pga. sterkt nedsett funksjonsevne i inntak til vidaregåande opplæring.

Elev og føresette må samtykke til denne meldinga.

Meldinga er ikkje ein søknad om inntak til vidaregåande skule.  Elevane må søkje om skuleplass i Vigo web og legge ved A-skjema med dokumentasjon innan 1. februar.

   

Meldinga er ikkje ein søknad om inntak til vidaregåande skule. Elevane må søkje om skuleplass i Vigo web og legge ved A-skjema med dokumentasjon innan 1. februar.

   
   
   

Inntaksforskrifta §6-15, Fortrinnsrett til eit særskilt utdanningsprogram:

Elevar i 10. klasse som kan søkje om fortrinn til særskilt utdanningsprogram, skal ha enkeltvedtak om rett til spesialundervisning og utfordringar som gjer at dersom dei skal lukkast i å gjennomføre vidaregåande opplæring med full måloppnåing, er det berre eitt utdanningsprogrammet som er aktuelt. Søkarar etter §6-15 skal kunne fullføre vidaregåande opplæring med yrkes- eller studiekompetanse. Sjå meir info i skriv til kommunane.

 

Meldeskjema her: 

 

Inntaksforskrifta §6-17, Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne:

Elevar i 10.klasse som kan søkje om fortrinn etter §6-17, er elevar med sterkt nedsett psykisk eller fysisk funksjonsevne. Dei skal ha enkeltvedtak om rett til spesialundervisning, og dei skal ha særlege behov for å bli tatt inn på ein skule som kan legge til rette for dei utfordringane dei har. Sjå meir info i skriv til kommunane.

 

Meldeskjema her:

Kontaktpersonar

Kari Trøen Aune Kari Trøen Aune
Rådgiver
71 28 03 66
Send e-post
Kari Volden Kari Volden
Rådgivar
71 28 03 72
Send e-post
Anita Sæther Anita Sæther
Rådgivar
71 28 03 69
Send e-post