Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Foto: mrfylke

Ny i skolen

Dette er nyttig informasjon for dei som er ny som lærar i vidaregåande opplæring

Det er mykje nytt å sette seg inn i som ny på ein arbeidsplass. Her har vi samla informasjon som vi meiner du kan ha god nytte av som ny lærar. 

Viktige styringsdokument

Kvalitetsplana

Kvalitetsplana er skuleeigar sin mål og tiltaksplan. Den er delt inn i 4 styringsområde ut frå dei sju grunnleggjande prinsippa i generell del av læreplan. Plana skal følgjast opp gjennom årlege tiltaksplanar både på skule - og skuleeigarnivå. Du kan sjå plana på mrfylke. (Dokument nederst til høgre)

Fagnettverka

Det er etablert fleire fagnettverk for ulike fag i vidaregåande opplæring. Desse har ansvaret for fagleg etter- og vidareutdanning og har eit eige mandat. Alle fagnettverka har representantar på alle skolane.

Skolemiljø

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø. Skoleeigar eit eige system -  HMS for elevar - som skal ivareta både det systematiske arbeidet og dei akutte hendingane. Gjer deg kjent med kva plikter du har som tilsett på skolen og korleis rutinene for varsling er.

Nyttig for lærarar

Fleire nyttige tips og råd finn du på intranettet Lærar

 

Ungt Entreprenørskap

Ungt Entreprenørskap (UE) består av eit nasjonalt sekretariat og 17 fylkesorganisasjonar.  Ungt Entreprenørskap skal, i samspel med utdanningssystemet, næringslivet og andre aktørar arbeide for å utvikle barn og unges kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølv. 

Dette er ei viktig satsing for Møre og Romsdal fylkeskommune og er ein del av Kvalitetsplana. Du finn meir informasjon om program på nettsidene til Ungt Entreprenørskap. 

Kontaktpersonar

Helene Loe Arntsen Helene Loe Arntsen
Seksjonsleder
71 28 04 03 /
Mob. +4790590289
Send e-post