Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Foto: mrfylke

Skolemiljø

Eit godt skolemiljø er avhengig av haldningar og eit målretta og systematisk arbeid. 

Opplæringsloven pålegg den enkelte skole å arbeide aktivt og målretta for å oppfylle krava til skolemiljøet. Skolen har også plikt til å føre internkontroll med skolemiljøet etter forskrift om Miljørettet helsevern i barnehager og skoler § 5.

Lovfesta rett

Elevane ved norske skolar har lovfesta rett til eit godt og trygt skolemiljø som skal fremme helse, trivsel og læring. 

HMS FOR ELEVAR

I Møre og Romsdal er elevane sitt arbeidsmiljø inkludert i HMS-systemet for dei tilsette, med unntak av det psykososiale miljøet. Dette er ivareteke i eit eige system: HMS for elevar. Det blir årleg rapportert på dette systemet til politisk nivå. Her finn du prosedyrer for korleis skolane skal handle både i det systematiske arbeidet og ved akutte hendingar ved mistanke om krenking, trakassering osv. Kvar enkelt skole skal ha si eiga elevhandbok der det er konkretisert korleis rutinene skal vere ved slike hendingar. Gjer deg kjent med desse. 

Aktivitetsplikt

Ver særs merksam på aktivitetsplikta, og den skjerpa aktivitetsplikta,  som du som tilsett ved skolen har. Alle som får mistanke eller kjennskap til at ein elev blir krenka skal varsle om dette. Gjer deg kjent med dei interne varslingsrutinene for dette.

Dersom det er mistanke om eller kjennskap til at eleven blir krenka av ein i skoleleiinga skal det varslast til Utdanningsavdelinga:

Møre og Romsdal fylkeskommune, Utdanningsavdelinga, Fylkeshuset, pb 2500, 6404 Molde eller per telefon 71 28 00 00

 

Kontaktpersonar

Kristin Glæstad Vonheim Kristin Glæstad Vonheim
Rådgivar
71 28 04 05 /
Mob. 936 85 610
Send e-post