Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Kvalitetsleiing - HMS > Elev-arbeidsmiljø > Elevhandbok for vidaregåande skolar i Møre og Romsdal fylkeskommune

Modell av førebyggjande arbeid med skolemiljø

Elevhandbok for vidaregåande skolar i Møre og Romsdal fylkeskommune

Eit godt skolemiljø er ein føresetnad for den faglege og sosiale utviklinga til elevane. Alle elevar har rett til eit trygt og godt læringsmiljø som fremmer helse, trivsel og læring.

Opplæringslova kapittel 9 a seier at skolane skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Skolen skal også arbeide kontinuerleg og systematisk for å fremme helsa, miljøet og tryggleiken til elevane slik at krava blir oppfylt. Det er rektor sitt ansvaret at dette blir gjort. 

Kapittel 9 A i Opplæringslova legg føringar for arbeidet med skolemiljøet til elevane.  

Skolen har plikt til å føre internkontroll med skolemiljøet etter forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler § 5. 

Denne handboka og grunnlagsdokumentet for kapittel 9 i opplæringslova er ein del av HMS-systemet til fylkeskommunen, og skal styrke arbeidet med elevane sitt skolemiljø.  

Handboka skal vere tilgjengeleg for alle elevar med føresette og tilsette ved skolen, og revisjons- og tilsynsmyndigheiter. 

Elevane skal vere involverte i HMS-arbeidet, og bør for eksempel ha høve til å delta i kartlegginga av arbeidsmiljøet, bli kjent med og evt. kommentere mål og handlingsplan. Elevane skal kjenne til kven som er ansvarleg på dei ulike områda og kjenne sitt eige ansvar i høve til HMS-området. 

HMS-elevhandboka skal vere ei rettesnor for korleis dei vidaregåande skolane skal følgje opp dei krava og standardane som er gitt i lov- og forskriftsgrunnlaget. Elevhandboka ivaretek både det systematiske førebyggjande arbeidet og det individretta arbeidet med skolemiljø.  

 Systemet er retta mot det behovet den ansvarlege leiinga har for å : 

  •  kartleggje kva for standard skolane har i høve til dei krava som er sett 
  •  analysere avvik frå standard 
  •  prioritere tiltak 

 Systemet vil samstundes imøtekome behovet hos følgjande grupper: 

  • Tilsynsmyndigheitene, som har eit ansvar for systematisk tilsyn. 
  • Elevane i Møre og Romsdal fylkeskommune, som lov og forskrift stiller eit vernekrav for. 
  • Påverknad på det ytre miljøet (naturen), som delar av lovgjevinga særskilt er retta mot. 

Elevhandboka skal ivareta elevane skal sikre eit systematisk arbeid med skolemiljøet. Opplæringslova er arbeidsmiljølova for elevane. Vi gjer merksame på at Opplæringslova kap. 9a også gjeld på skolevegen. 

Grunnleggjande plikter

1. Alle tilsette skal følgje med på korleis elevane er saman med kvarandre og korleis dei har det på skolen. 

2. Det skal vere låg terskel for å bry seg med kva elevane driv med. 

3. Plikta skal tilpassast lokalt og etter forhold ved eleven og skolen. 

4. Elevane skal involverast i dette arbeidet 

5. Dei særskilt sårbare elevane skal særskilt ivaretakast gjennom plikta til å følgje med

6. Alle tilsette må kjenne til plikta og ha kompetanse til å utføre den

- Alle tilsette må ha kunnskap om kva forhold eller oppførsel som kan vere ein indikasjon på at ein elev ikkje har eit trygt eller godt skolemiljø 

- Kontakt PPT for å få støtte til det forebyggjande arbeidet 

Elevinvolvering

Elevane skal takast med i skolane sitt arbeid med å oppfylle krava til Kapittel 9a jmf grunnlagsdokumentet. 

Dokument

Grunnlagsdokument skolemiljø
PDF-dokument - 432,27 kB
Trygt og godt skolemiljø
PDF-dokument - 487,32 kB