Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Bedriftshelseteneste

Møre og Romsdal fylkeskommune har for perioden 2018 - 22 fornya avtalen om bedriftshelsetenester med firmaet Stamina Helse. Firmaet leverer ulike tenester knytta til HMS-planlegging / oppfølging, HMS-rådgjeving, helseundersøkingar, krisehandtering, m.m.

Tenester frå BHT

Kvart år skal driftseininga og BHT-leverandøren utarbeide ein felles BHT-periodeplan. Mal for denne finn de i høgremargen på denne sida. 

HMS-planlegging og oppfølging:

  • Bistå med utforming og revisjon av HMS-aktivitetar innanfor ramma av oppdragsgivars HMS-system, herunder prosessrettleiing, kartlegging, risikovurdering, avviksbehandling og utforming av tiltaksplanar
  • Bistå i kartlegging og oppfølging av psykososiale og organisatoriske forhold (både kvantitative og kvalitative undersøkingar) 
  • Bistå med undersøking og behandling av konfliktar og varsling-/klagesaker relatert til psykososiale arbeidsmiljøforhold (både gruppe- og individsaker)
  • Bidra til at psykososiale og organisatoriske forhold blir vurdert før, under og etter omorganiseringar/omstillingar
  • Prosesskompetanse i gjennomføring av HMS-tiltak
  • Bistå med planlegging og gjennomføring ved etablering, vedlikehald og endring av arbeidsplassar, lokalar og utstyr
  • Bistå ved innkjøp og bruk av helsefarlege produkt/kjemikaliar, maskiner og utstyr. (Fylkeskommunen har ECOonline som leverandør av elektronisk stoffkartoteksystem.)
Figur BHT-fakturering

BHT-fakturering

Rådgiving:

  • Medvirke til informasjon og opplæring på områda arbeidshelse, yrkeshygiene, ergonomi, vurdering av risiko og generelt HMS-arbeid
  • Medvirke leiarar og tilsette i arbeidet med å nå måla i inkluderande arbeidsliv, med fokus på å førebygge og redusere sjukefråvær og eit målretta attføringsarbeid
  • Medvirke i konfliktforebygging og -handtering
  • Medvirke i AKAN-arbeid
  • Delta på AMU-møter (obligatorisk, jfr. AML § 3.7)
  • Medvirke med kurs- og informasjonsverksemd faglig innlegg på arbeidsmiljøkurs etter avtale med fylkesnivået
  • Understøtte bruken av oppdragsgivar sine HMS-system og verktøy
  • Stille med dedikert fagperson som skal ha superbrukar-rolla for ECO-online og arrangere lokale kurs i ECO-online.

Helseundersøkingar (Arbeidsmedisinsk poliklinikk):

  • Gi tilbod om konsultasjon ved arbeidsrelaterte helseplager/sjukdom, og sørgje for at oppfølging skjer i samarbeid med fastlege eller spesialist
  • Medvirke til at meldeplikt for arbeidsrelatert sjukdom og -skade blir følgd
  • Gjennomføre helseundersøkingar som er fastsett i forskrift og tilby oppfølging av særskilt eksponerte tilsette (avgrensa til å omfatte tilsette med arbeid som kan innebere særleg helserisiko).
  • NB: Bedriftshelsetenesten skal ikkje gjennomføre generelle helseundersøkingar som ikkje er retta mot spesifikke arbeidsmiljøfaktorar

Kriser og akuttsituasjonar:

  • Bistå i krisesituasjonar i samsvar med fylkeskommunen sine system/retningslinjer for krisehandtering.

Periodeplanar for bruk av bedriftshelsetenesta er obligatorisk

Det er eit krav at alle verksemdene skal ha oppdaterte BHT periodeplanar.  Dette er ein eigen plan for bruken av bedriftshelsetenesta.  På nettsida for bedrifshelsetenesta i fylkeskommunen ligg det ute ein mal for kva ein periodeplan kan innehalde. På mange måtar kan malen sjåast på som ein meny med forslag til tenester ein kan bestille frå bedriftshelsetenesta. 

Les meir

Ny avtale om bedriftshelsetenester

Møre og Romsdal fylkeskommune har inngått ny avtale om bedriftshelsetenester etter ein anbodsrunde.  Leverandøren på denne nye avtalen vart Stamina Helse, som vi også nytta i den førre avtaleperioden. 

Les meir

Rutine for å bestille, fakturere og utgiftsføre bedriftshelsetenester frå Stamina Helse

Vi har oppdatert rutinene for bestilling, fakturering og utgiftsføring av bedriftshelsetenester. Dette har vi sett i samanhang med at dei ulike driftseiningane skal utarbeide årlege periodeplanar for BHT.

Les meir

Superbrukar-funksjon for ECO-Online

Møre og Romsdal fylkeskommune har fått i stand ei ny ordning med felles, sentral superbrukar for ECO-online. Det er Ole Johan Dybvik i Stamina H&T som vil få superbrukar funksjonen frå no av. Epost: ole.j.dybvik@staminagroup.no

Les meir

Årsrapport 2011 - bedriftshelsetenester

Årsrapporten frå Hjelp24 er nå lagt ut på Intranettet. Årsrapporten  kan lastast ned frå høgremenyen i denne artikkelen. Ein meir detaljert rapport med timefordeling på dei ulike verksemdene kan bestillast frå Personalseksjonen pr. epost.

Les meir

Presisering av reglar for bruk av BHT-tilskott

NAV har registrert at nokre verksemder har søkt om tilskott for arbeidstakarar som har motteke behandling t.d. fysikalsk behandling hos leverandør av bedriftshelseteneste. Dette er i strid med regelverket.

Les meir

Ny avtale om bedriftshelseteneste for alle tilsette i Møre og Romsdal fylkeskommune

Etter ein open anbodskonkurranse er det inngått avtale med Hjelp24 om levering av bedriftstenestester til Møre og Romsdal fylkeskommune. Avtalen omfattar alle driftseiningar og tilsette i fylkeskommunen.

Les meir

Bedriftshelseteneste for alle i løpet av 2010

arb.giverpolitikk liten blomst

Bedriftshelseteneste er eit arbeidsmiljøtiltak som skal bistå verksemdene i det førebyggande HMS-arbeidet, følgje opp arbeidstakarane si helse og bidra til å skape trygge og sunne arbeidstilhøve.

Les meir

Kontaktpersonar

Richard David Anthony Muller Richard David Anthony Muller
Rådgivar
71 28 01 73
Send e-post
Martin Hauge Martin Hauge
Seniorrådgivar
71 28 01 74 /
Mob. 957 43 270
Send e-post
Preben Geir Irvung Preben Geir Irvung
Personalsjef
71 28 04 58 /
Mob. 482 05 539
Send e-post

Kontaktperson Stamina Helse

Silvia Stranden
Silvia Stranden

    

Mobil: 93 89 91 27

Epost:

 silvia.stranden@staminagroup.no

Dokument

Periodeplan mal 2018
DOC-dokument - 163,00 kB
Ny BHT-avtale 2018-22
PDF-dokument - 516,43 kB
Kontaktpersoner Stamina okt. 2018
PDF-dokument - 368,50 kB