Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Elektronisk stoffkartotek

Kjemikaliar og helsefarlege stoff er ein del av kvardagen på dei fleste skolar og tannklinnikkar i fylket.

Det er viktig at vi har kunnskap om stoffa og verknaden på helse, miljø og tryggleik, slik at dei blir brukte på ein forsvarleg måte. I tillegg til kunnskap må det vere rutinar og orden, slik at ein sikrar bruk og oppbevaring i samsvar med lov- og forskriftskrav.

IMG_20120502_204820

Arbeidsmiljølova pålegg alle verksemder å opprette stoffkartotek med HMS-datablad for alle helsefarlege kjemikaliar og stoff som blir brukte eller lagra ved verksemda. Det følgjer av fylket sitt HMS-system at dette er eit ansvar for den enkelte driftseining.
Leiar i den enkelte driftseininga har ansvaret for at lov- og forskriftskrav blir følgde opp og at forholda blir lagt til rette for ei god lagring, handtering og avhending av farlege kjemikaliar og biologisk materiale.

SafeUse
Møre og Romsdal fylkeskommune har våren 2017 valt SafeUse frå leverandøren Essenticon som elektronisk stoffkartoteksystem. 

Føremålet med eit felles elektronisk stoffkartoteksystem for alle driftseiningar i Møre og Romsdal fylkeskommune er å:

  • ivareta tryggleiken til tilsette, elevar, brukarar og miljø mot skader frå helsefarleg stoff (stoffkartotekforskriften § 1)
  • sikre at lovkrav blir tekne i vare med omsyn til handtering av kjemikaliar og biologiske materiale (arbeidsmiljølova § 4-5)
  • sikre einskaplege rutinar og kompetansebygging på tvers av driftseiningar og sektorar

Den valte løysinga er internettbasert og vil gjere det enklare for driftseiningane å skaffe tilgang til HMS-datablad og etterleve regelverket m.o.t risikovurdering og erstatning (substitusjon) av kjemikaliar. Via SafeUse kan skolane, tannklinikkane og aktuelle avdelingar i sentraladministrasjonen legge inn elektronisk dei HMS-datablada som er i bruk. Alle kan gå inn å sjå kva produkt/stoff som blir nytta og lese verne- og miljøreglane for stoffet/produktet. Systemet tek også høgde for etablering av personregister over personar i driftseininga som er eksponerte for helseskadelege produkt. 


Kurs i SafeUse stoffkartoteksystem 20. mars

Vi set opp eit nytt kurs i bruk av stoffkartoteket SafeUse 20. mars 2018 på kursrom A på fylkeshuset i Molde. Kursleiar blir vår superbrukar Ole Johan Dybvik frå Stamina Helse.

Les meir

Slutt på krav om stoffkartotek i papirutgåve

Frå 1. januar 2018 er det ikkje lenger krav om papirutgåve av stoffkartotek. Dette er ei endring som vil forenkle arbeidet med stoffkartotek i organisasjonen.

Les meir

Nye reglar for deklarering av farleg avfall

Nokre einingar har i sommar opplevd å bli avvist når dei skal levere farleg avfall til avfallsmottak. Grunnen er at dei manglar den elektroniske løysinga som vart obligatorisk frå i år. No har i første omgang alle rektorane fått delegert mynde til avfallsdeklarering via Altinn.

Les meir

Nå er SafeUse stoffkartotek klar til bruk

Det nye stoffkartoteksystemet SafeUse er no klar til bruk. Brukarane vil få tilsendt påloggingsinfo pr. eining i løpet av dagen. Det er nokre artikkelnummer vi manglar i høve til overføringa frå EcoOnline, vi arbeider med å få desse inn i systemet dei neste vekene.

Les meir

Vi har fått nytt stoffkartotek-system

I år har vi kjørt ein anbodsrunde for stoffkartotek-system. Resultatet av denne runden var at vi fekk nytt system, navnet er SafeUse, leverandøren heiter Essenticon.

Les meir

Personvern i eksponeringsregisteret i Eco Online

Det har vore spørsmål om personvern knytta til registrering av personnummer i eksponeringsregisteret i EcoOnline (Eco exposure). Det er registreringsplikt ved arbeid med kjemikaliar merka kreft, mutagen eller blyforbindelsar.

Les meir

Kontroll av kjemikalie-sortement i ECO online

Det er viktig at vi bruker stoffkartoteket vårt slik at vi får en mest mulig effektiv utnyttelse av systemet.  Risikovurdering blir enklere å gjennomføre når vi har færre kjemikalieprodukt inne. Vi må også bestrebe oss på å bruke den informasjonen leverandørene legger inn.

Les meir

Ny rammeavtale om miljøvenlege frisørprodukt

Denne veka vart det inngått ein ny rammeavtale om frisørprodukter. Vi har hatt ein prosess i fylkeskommunen for å få redusert bruk av alle helsefarlige produkter i skolane til et minimum. Nå er første rammeavtale klar med leverandøren Hair In Time

Les meir

Register over eksponerte arbeidstakere

Vi har fått spørsmål om de konkrete kravene i § 31 i Forskrift om utførelse av arbeid setter til våre virksomheter. § 31 gir pålegg om register for arbeidstakere som er utsatt for skadelige stoffer og stråling https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2011-12-06-1357/KAPITTEL_5#KAPITTEL_5

Les meir

Felles rammeavtale på kjøp av kjemikaliar

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer å etablere ei bedre kvalitetssikring rundt bruken av kjemikaliar ved dei vidaregåande skolane. I samband med stoffkartotek-systemet vårt (ECO Online) har vi ein prosess for  å etablere ei betre standardisering av våre kjemikalie-innkjøp gjennom ein felles innkjøpsavtale på fire produktområder.

Les meir

Kontaktpersonar

Martin Hauge Martin Hauge
Seniorrådgivar
71 28 01 74 /
Mob. 957 43 270
Send e-post

SafeUse superbrukar og koordinator

Ole J. Dybvik

Ole Johan Dybvik i Stamina Helse er brukarkoordinator for SefeUse i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Han kan gje tilgangar, evt fjerne tilgangar og roller for SafeUse brukarar. Han samordnar også kommunikasjonen mot SafeUse sentralt.

Epost: ole.j.dybvik@staminagroup.no