Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

HMS-systemet i tannhelsetenesta

Her finn vi eit oversyn over HMS-arbeidet og HMS-dokumentasjonen til dei 4 kompetanseregionane.

Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er knytt til den viktigaste produksjonsfaktoren vår - dei tilsette i organisasjonen og kvaliteten på dei tenestene vi leverer.  For at brukarane våre skal få kvalitativt gode tenester i trygge omgivnadar, er det viktig at vi trivst med jobben og kan stole på at vi har eit trygt og godt arbeidsmiljø. HMS skal inngå i alle aktivitetar, frå langtidsplanlegginga til den daglege drifta. Også vern av det ytre miljø mot forureining og ei betre handtering av avfall skal ivaretakast gjennom HMS-systemet.

I Møre og Romsdal fylkeskommune skal forbetringsarbeidet innan HMS-området vere eit klart definert leiaransvar som skal kanaliserast mest mogleg gjennom kvalitetssystemet for HMS.

HMS skal sikre eit arbeidsmiljø som gjev arbeidstakarane tryggleik mot fysiske og psykiske skadeverknader. Miljøaspektet er svært viktig for å forebyggje og motverke sjukefråvær. Arbeidet er tilrettelagt i samsvar med arbeidsmiljølova og andre lover som skal sikre forsvarleg arbeidsmiljø, og etter drøftingar med samarbeids-/arbeidsmiljøutvala og med vernetenesta.

I menyen til venstre finn du meir informasjon om korleis HMS-systemet i tannhelsetenesta er oppbygd.

Kontaktpersonar

Anthony Normann Valen Anthony Normann Valen
Fylkestannlege
71 28 02 01
Send e-post
Morten Larsen Morten Larsen
Administrasjonsleiar
71 28 02 03
Send e-post
Are Kristofer Hjeltnes Are Kristofer Hjeltnes
Overtannlege
70 13 42 50
Send e-post
Tone Nord
Overtannlege
71 22 12 39 /
Mob. 954 68 500
Send e-post
Hege Myklebust Hege Myklebust
Overtannlege Søre Sunnmøre
70 04 50 73 /
Mob. 908 69 869
Send e-post
Siv Lilleholt
Overtannlege
71 53 01 60
Send e-post