Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Vidaregåande skolar

Under dette området ligg dei lokale HMS-handbøkene for dei vidaregåande skolane i fylket

Illustrasjonsbilde Haram vgs

Referat frå AMU

Det er viktig at AMU-referata er tilgjengelege også på nettsidene. Vi har laga eit eige område for AMU for kvar skole.  Dette kan gjerast som PDF-dokument som ligg i høgremargen.

Dei områda i Fronter som tidlegare vart nytta til lokale AMU-referat er no fasa ut.

Referat frå OD-møter

Vi har også lagt opp til at referata frå orienterings- og drøftingsmøta skal leggjast ut på dei same sidene som AMU-referata. Ettersom dette kan bli mange møter pr. år, blir det mest naturleg at desse blir lagt som pdf-filer i omvendt kronologisk rekkefølge, slik at dei siste kjem øverst.

AMU og OD-referat

AMU-referat skal ikkje innehalde personopplysningar

Før AMU-referat blir lagt ut på HMS-sidene til skolen må ein sjekke at følgjande ikkje blir lagt ut:

  • Saker, kartlegging og tiltak der HMS-problematikk er knytta til enkeltpersonar eller mindre grupper som lett kan identifiserast
  • Informasjon knytta til enkeltpersonar slik at det blir medisinsk relatert informasjon
  • All informasjon knytta til AKAN-tilfelle er unnateke offentlighet 
  • All informasjon knytta til enkeltpersonar sin helsetilstand

Personrelatert informasjon kan enten fjernast eller skrivast om i så generelle ordelag slik at det ikkje blir personrelatert eller kan identifiserast på personnivå.