Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

HMS rammeverk for heile organisasjonen - felleskomponentar

HMS-rammeverk

HMS-rammeverket tilsvarer den tidlegare systemhandboka, og beskriv korleis HMS-systemet er bygd opp. Rammeverket består av 8 mapper som beskriv dei ulike prosessane knytta til arbeidet med Helse Miljø og sikkerhet i fylkeskommunen:

  1. Mål
  2. Organisering
  3. Avvik og risiko
  4. Handlingsplan
  5. Rapportering
  6. HMS-bibliotek
  7. Opplæring
  8. Revisjon

Dei lokale systema på dei ulike driftseiningane er bygd opp med dei same 8 systemelementa som er beskrive her. 

I Møre og Romsdal fylkeskommune skal arbeidet med helse, miljø og sikkerheit (HMS) vere eit klart definert leiaransvar som skal kanaliserast mest mogleg gjennom kvalitetssystemet for HMS.

HMS-systemet skal vere eit hjelpemiddel til å fremja eit forbetringsarbeid i Møre og Romsdal fylkeskommune innan

  • Arbeidsmiljø og tryggelik
  • Førebygging av helseskadar eller miljøforstyrrelser frå produkt eller forbrukstenester
  • Vern av ytre miljø mot forureining og ei betre handsaming av avfall slik at måla i helse-, miljø- og sikkerheitslovgivnaden oppnås.

Kapitla i systemhandboka og HMS-arbeidsboka er sett opp slik at dei oppfyller krava etter internkontrollforskriftene for helse-miljø og sikkerheit. Dersom ein ser bort frå systemet, må vi for å forvalte arbeidsmiljøet, ytre miljø og sikkerheiten på arbeidsplassen på ein god måte:

  • ha mål for arbeidet
  • ha ansvaret for at dei ulike HMS-områda er klarlagt og beskrivne* ha ei kartlegging av korleis det verkelege arbeidsmiljøet fungerer
  • ha ein oversikt over kva standardar som gjeld for HMS-faktorane på arbeidsplassen vår.

Dei nødvendige HMS-dokumenta kan gjerast relativt kortfatta, men det er ønskeleg at alle tilsette skal vere involverte i HMS-arbeidet. Dei tilsette bør t.d. ha høve til å delta i kartlegginga av arbeidsmiljøet. Dei bør ha høve til å bli kjent med og evt. kommentere mål og handlingsplan. Dei skal kjenne til kven som er ansvarleg på dei ulike områda og kjenne sitt eige ansvar i høve til HMS-området. Leiaren må sjølv finne den rette balansen mellom ein enkel og handterbar arbeidsmåte, samstundes som dei tilsette blir involvert i tilstrekkeleg.

Det er meininga at dei lokale HMS systema blir dokumentert på Intranettet. På den måten blir arbeidet synleg for alle tilsette, det blir lett å overføre gode idear og arbeidsmåtar, og det blir lett å gjennomføre rettleiing og effektive tilsyn.

Lykke til med det vidare arbeidet !

Ottar Brage Guttelvik

fylkesrådmann

                                

Kontaktpersonar

Martin Hauge Martin Hauge
Seniorrådgivar
71 28 01 74 /
Mob. 957 43 270
Send e-post
Preben Geir Irvung Preben Geir Irvung
Personalsjef
71 28 04 58 /
Mob. 482 05 539
Send e-post

Internkontrollforskriften

Internkontroll innebærer at virksomheten skal:

1. sørge for at de lover og forskrifter i helse-, miljø- og sikkerhetslovgivningen som gjelder for virksomheten er tilgjengelig, og ha oversikt over de krav som er av særlig viktighet for virksomheten

2. sørge for at arbeidstakerne har tilstrekkelig kunnskaper og ferdigheter i det systematiske helse-, miljø- og sikkerhetsarbeidet, herunder informasjon om endringer

3. sørge for at arbeidstakerne medvirker slik at samlet kunnskap og erfaring utnyttes

4. fastsette mål for helse, miljø og sikkerhet (må dokumenteres skriftlig)

5. ha oversikt over virksomhetens organisasjon, herunder hvordan ansvar, oppgaver og myndighet for arbeidet med helse, miljø og sikkerhet er fordelt (må dokumenteres skriftlig)

6. kartlegge farer og problemer og på denne bakgrunn vurdere risiko, samt utarbeide tilhørende planer og tiltak for å redusere risikoforholdene (må dokumenteres skriftlig)

7. iverksette rutiner for å avdekke, rette opp og forebygge overtredelser av krav fastsatt i eller i medhold av helse-, miljø- og sikkerhets- lovgivningen (må dokumenteres skriftlig)

8. foreta systematisk overvåkning og gjennomgang av internkontrollen for å sikre at den fungerer som forutsatt (må dokumenteres skriftlig)

 

Fra §5 i Forskrift om systemetisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter

Snarvegar