Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Inkluderande arbeidsliv

Illustrasjonsbilde

Med ønske om å skape eit arbeidsliv med plass til alle som kan og vil arbeide, er det mellom dei sentrale partane i arbeidslivet inngått Intensjonsavtale om eit meir inkluderande arbeidsliv.

Intensjonsavtalen er revidert og inngått for perioden 4 mars 2014 - 31. desember 2018.. På Regjeringen.no kan du lese om den den nye avtalen.

Målet med avtalen er at:

    • sjukefråveret skal reduserast med minst 20 prosent, og på nasjonalt nivå skal ikkje overstige 5,6%
    • Hindre fråfall og auke sysselsetting for personar med nedsett funksjonsevne
    • Yrkesaktivitet etter fylte 50 år blir forlenga med 12 månader.

Med utgangspunkt i “Intensjonsavtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv” har Møre og Romsdal fylkeskommune (MRFK) og NAV signert ein rammeavtale om eit meir inkluderande arbeidsliv for fylkeskommunen. Denne avtalen er ein overordna avtale på fylkesnivå, som klargjer policy, overordna mål og føringar for IA-arbeidet, samt eit opplegg for kontakt med NAV i overordna og prinsipielle saker (sjå rammeavtalen i høyre marg).

Alle driftseiningane i fylkeskommunen skal inngå lokale samarbeidsavtaler som gir IA-status. Dette inneber at kvar einskild driftseining er ansvarleg for å følgje opp måla i intensjonsavtalen. Sjå “signert rammeavtale NAV og MRfylke”, og “implemtering IA-avtale i MRFK 2014” i høgre marg.

Samarbeidsavtalen legg klare pliktar på arbeidsgivar og på arbeidstakar i dette arbeidet. Samstundes får IA-verksemder særlege rettar og tett oppfølging av Arbeidslivssenteret som er knytt til NAV på fylkesnivå.

Sjå underpunkta for nærare omtale om dei tre delmåla i avtalen

1.      Delmål1: Sjukefråvær

2.      Delmål2: Redusert funksjonsevne

3.      Delmål3: Avgangsalder

.

.


Enklare reglar for oppfølging av langtidssjukemeldte

Møre og Romsdal fylkeskommune er som kjent ei såkalla IA-bedrift, dvs. at vi har signert avtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv. Frå 1 juli har vi fått nye reglar for oppfølging av sjukmeldte. Meir infomasjon om endringane finn du her

Les meir

Ny og forenkla IA-avtale for oppfølging av sjukmeldte

Den nye IA-avtalen vil gjelde fram til 31. desember 2018. Avtalen skal innebere betydelege forenklingar i reglane for oppfølging av sjukmeldte. Trykk her for meir informasjon om den nye IA-avtalen

Les meir