Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Modulbasert HMS-opplæring

Fylkesakademiet er etablert som arena for arbeidsgivarinitierte opplæringstiltak på arbeidsgivar- og organisasjonsområdet for heile organisasjonen. I 2009 lanserte vi ein modulbasert HMS-opplæring under Fylkesakademiet som inneber at leiarar, verneombod og AMU-medlemmer kan gjennomføre ei godkjent grunnopplæring i arbeidsmiljø etter krava i Arbeidsmiljølova (AML) §§ 6-5 og 7-4, med to obligatoriske og ein til fleire valfrie temamodular. Modellen gir fleksibilitet m.o.t. tidspunkt og tempo for gjennomføring av opplæringa.

Modulbasert HMS-opplæring

Dokumentasjon for gjennomført opplæring skal leggjast inn i dei lokale HMS-mappene under element 7: Opplæring.  Her skal det også gå fram kva modular som er gjenomført og årstal for gjennomføring av kvar modul.  

Modul 1

Den årlege arbeidsgivarpolitikk-konferansen går inn som modul 1 i HMS-opplæringa. Konferansen vil ha variasjon i tema frå år til år, men med eit gjennomgåande fokus på leiing og medarbeidarutvikling, samhandling, kvalitet og arbeidshelse.

Modul 2

Modul 2 i HMS-opplæringa har som mål å gi deltakarane innsikt i og forståing for eit systematisk HMS-arbeid. Deltakarane skal gjere seg kjent med lovverk og prosessar som legg premissar for utvikling av arbeidsmiljøet på eigen arbeidsplass. Med grunnlag i vår nye arbeidsgivarpolitikk skal deltakarane sjå HMS-arbeidet i eit heilskapleg perspektiv i forhold til organisasjons- og tenesteutviklinga i fylket.

Rammeprogram :

  •  Arbeidsmiljølovgivinga
  •  HMS-forskriften + andre sentrale rettsreglar
  •  HMS-systemet - felleskomponentane
  •  HMS-lokale mapper ("orden i eige hus")
  •  Arbeidsmiljøsystematikk - gangen i ei arbeidsmiljøsak
  •  Rolleavklaring; leiar, verneombod og AMU
  •  Vår eigen organisasjon
  •  Case og oppgåver

Modul 3 – temadagar

Aktuelle temamodular vil komme i tillegg og fungere som oppfrisking av kunnskap og gje relevant HMS-fagleg påfyll i forhold til aktuelle fordjupingstema som t.d. arbeidsmiljøkartlegging, konflikthandtering, stoffkartotek, rusmiddelpolitikk- og AKAN-arbeid. For å få godkjent grunnopplæringa må du ha minimum ein valfri temadag i tillegg modul 1 og 2 som er obligatorisk.

Fysisk arbeidsmiljø blir eit fast tema kvart år frå 2012, ettersom dette er obligatorisk i høve til Arbeidsmiljøloven. Risikovurdering blir det også gjeve årlege kurstilbod på dei neste åra.

Innhaldet i og tilbodet om temadagar  i modul 3 vil kunne variere frå år til år. Tilbodet om grunnopplæring og påmeldingsfunksjon blir gjort aktiv på intern kalenderfunksjon.

Oppdatering og kursbevis

Systemrevisjonar og endringar i lovar og forskrifter gjer at kunnskap lett kan bli forelda. Vi rår til at modulane blir fornya minst kvart 5 år.

Når ein har gjennomført alle tre modulane vil ein få tildelt kursbevis. Vi har ein sentral oversikt over dei som har gjennomført dei ulike modulane, men det kan vere vanskeleg å gjere produksjon av kursbevis feilfritt og heilautomatisk. Du må difor sende melding til personalseksjonen dersom du ikkje har fått eit kursbevis som du har krav på.

Kontaktpersonar

Martin Hauge Martin Hauge
Seniorrådgivar
71 28 01 74 /
Mob. 957 43 270
Send e-post
Iver Kåre Mjelve Iver Kåre Mjelve
Rådgivar
71 28 01 52 /
Mob. 976 92 994
Send e-post
Richard David Anthony Muller Richard David Anthony Muller
Rådgivar
71 28 01 73
Send e-post
Preben Geir Irvung Preben Geir Irvung
Personalsjef
71 28 04 58 /
Mob. 482 05 539
Send e-post

HMS Modul-2 presentasjonar 2014

Dag Lervik: Opning - introduksjon
Tove Martinsen: AML og nye forskrifter
Venke Dale: Roller i arbeidsmiljøet
Stein ove Lianes: Vernetenesta i MRFK
Notat om tid til verneombodsarbeid
Martin Hauge: HMS-status i organisasjonen
Richard Muller: MTM-undersøkinga - status
Lidvard Lundanes: Erfaringar med Forbetrings- og avvikssystem
Kristine Hekkås: Erfaringar med Forbetrins- og avvikssystem
Informasjon om Forbetrings- og avvikssystemet
Johan Konrad Løseth: Lokalt HMS-arbeid ved Fræna vgs

Snarvegar