Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Psykososialt arbeidsmiljø

Arbeidsmiljø som fremjar trivsel, helse og personleg utvikling er eit viktig grunnlag for å kunne skape kvalitet i vår oppgåveløysing og våre tenesteleveransar.

Under dette menypunktet finn du meir informasjon om korleis vi kartlegg og arbeider med det psykososiale og organisatoriske arbeidsmiljøet.

Tredjekvart år vert det gjennomført ei felles medarbeidarundersøking i heile organisasjonen. Gjennom verktyet MTM ønskjer vi å kartlegge kor tilfredse våre tilsette er med kvalitetar som vedkjem deira arbeidsforhold og organisasjonen Møre og Romsdal fylkeskommune. Undersøkinga skal gje oss kunnskap om forhold ved arbeidsmiljøet som kan gi grunnlag for å sette i verk forbetrings- og bevaringstiltak. Kunnskap om det psykososiale og organisatoriske arbeidsmiljøet er viktig grunnlag for organisasjonsutvikling. Meir informasjon om medarbeiderundersøkinga - MTM og oppfølging av denne finn du her.

Møre og Romsdal fylkeskommune har også fleire HMS-retningsliner med tilhøyrande prosedyrar for mellom anna handtering av utilbørleg opptreden, konflikt, mobbing/trakassering og diskriminering. Ved å trykke her kjem du direkte inn på oversikt over våre HMS-retningsliner. 

For å følgje opp krevjande saker og prosessar på gruppe- eller individnivå har Møre og Romsdal fylkeskommune også inngått rammeavtale med to eksterne fagmiljø som kan tilby djupnekompetanse innafor organisasjonspsykologiske tenester. Informasjon om dette finn du her