Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Nyheiter til mi side > Ny rammeavtale for telefoni med Telenor og revidering av reglement om elektronisk kommunikasjonsteneste

Kontaktpersonar

Nils Gunnar Solli Nils Gunnar Solli
organisasjonssjef
71 28 01 60 /
Mob. 913 28 067
Send e-post

Ny rammeavtale for telefoni med Telenor og revidering av reglement om elektronisk kommunikasjonsteneste

Fylkeskommunen har inngått ny rammeavtale for telefoni med Telenor. Avtalen vart inngått i mai, og gjeld for to år med moglegheit for forlenging i to nye år. Den nye avtalen vil gi betre prisar på mobil, mobiltrafikk og fastabonnement.

Telefoni inngår som ein del av dei heilskaplege løysingane fylkeskommunen arbeider med for samordna kommunikasjon.

Hovudsamarbeidsutvalet (HSAMU) vil i samband med møte den 12.09.17 opprette ei arbeidsgruppe samansett av representantar frå ulike delar av organisasjonen der også tillitsvalte er med. Gruppa skal vurdere kva elektronisk kommunikasjonsutstyr tilsette treng i sitt arbeid, og korleis dette skal regulerast i eit revidert reglement om elektronisk kommunikasjonsteneste.

Dette betyr også at gjeldande ordning med lønnshonorar vil bli vurdert. Målet er at arbeidsgruppa sitt arbeid skal vere avslutta til årsskiftet, og at nye ordningar regulert i nytt reglement skal virke frå 01.01.18.