Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Rutinar for dokumentinnsyn

For å behandle innsynsbegjæringer på en riktig måte har juridisk avdeling laget retningslinjer for hvordan det skal gjøres.

Avslag på krav om dokumentinnsyn - saksbehandlingsrutinar

Kven er saksbehandlar
Innsynskrav som ikkje kan imøtekomast utan nærare vurdering av teieplikt, skal behandlast av den som er saksbehandlar for den saka det blir krevd innsyn i. Det same gjeld innsynskrav som krev vurdering av andre tilgangskodar, slik som økonomiforvaltning, personal- og tilsettingssaker, innkjøp.

Innsynskrav skal avgjerast raskt
Det er viktig at saker som gjeld dokumentinnsyn blir avgjort så snart som mogleg og helst innan tre dagar etter at kravet er motteke.  Personar som ikkje har fått svar innan 5 dagar, kan klage som om det var gitt avslag, sjå offl. § 32.

Behandling av klager på avslag
Klage på avslag om innsyn skal førast i ePhorte. Dersom ditt vedtak om å avslå eit krav om innsyn, blir påklaga, skal du vurdere om det er grunnlag for å ta klaga til følgje og gi innsyn slik det er bede om. Dersom du held fast på vedtaket, skal saka sendast til Fylkesmannen til behandling som klagesak. Før saka blir oversendt fylkesmannen, skal juridisk avdeling kontaktast.

Forslag til brev
I menyen til høgre finn du to ulike forslag til brev med avslag Brev 1 gjeld avslag som er grunngjeve i teieplikt. Brev 2 gjeld avslag etter dei andre tilgangskodane.

Kontaktperson:
Dersom du har spørsmål i tilknytning til ei konkret sak eller meir generelt til prosedyrar m.v., kan du tak kontakt med juridisk avdeling v /rådgivar Kristine Svendsen.

Kontaktpersonar

Kristine Svendsen Kristine Svendsen
Juridisk rådgivar
71 28 02 89 /
Mob. 951 64 750
Send e-post

Dokument

Avslag andre tilgangskodar
DOC-dokument - 26,50 kB
Avslag teieplikt
DOC-dokument - 24,00 kB