Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

HRG får ny side for online-bestilling

HRG

Leverandøren av reisebyråtenester, HRG Nordic, vil frå den 21.12.2009 få ny login-side på HRG Online.  ”Gammal” loginside kan likevel nyttast i to månader etter denne datoen. Får å få tilgang til den nye sida må ein gå til https://bookonline.hrgworldwide.com/ og legge inn firmanamn, brukarnamn og passordet som den enkelte bukar har blitt tildelt.

Les meir

Wittusen & Jensen - ny implementeringsdato for bruk av Ehandel.no ved bestilling.

Som tidligare informert om på intranett har Møre og Romsdal fylkeskommune inngått ny rammeavtale på kontor- og datarekvisita og trykte konvoluttar med Wittusen & Jensen Business Partner AS. Iflg. avtaledokumentet skal avtalen gjelde frå den 15.11.2009, og alle bestillingar skal frå den datoen skje frå ny rammeleverandør.

Les meir

Nytt frå INNKJØP: Ny rammeleverandør på kontor- og datarekvisita og trykte konvoluttar.

Møre og Romsdal fylkeskommune har inngått ny rammeavtale på kontor- og datarekvisita og trykte konvoluttar med Wittusen & Jensen Business Partner AS. Avtalen gjeld frå den 15. november 2009.

Les meir

Nytt frå INNKJØP: Ny Rammeavtale på dental forbruksvare.

Norsk Dental Depot

Møre og Romsdal fylke har i samarbeid med Fylkeskommunane Nord (FKN) inngått  ny rammeavtale med Norsk Dental Depot (NDD) om levering av dentale forbruksvarer gjeldande frå og med 1. september 2009.

Les meir

Ny rammeavtale på kredittkort for tenestereiser.

Diners

Det er inngått ny rammeavtale med Seb Kort AB for bruk av Diners Club kredittkort . Avtalen gjeld fram til 31.12.2011, med automatisk fornying i 1 år dersom ingen av partane seier opp avtalen. Årsavgifta på kr 75,- blir dekt av arbeidsgivar gjennom reiseregninga.

Les meir

Nytt frå INNKJØP: Nye rammeavtaler for matvarer for vidaregåande skoler på Sunnmøre

Matvare

Avtalane som gjeld vidaregåande skoler sør for Romsdalsfjorden (Sunnmøre) er gått inn og blir administrert av Ålesund kommune på vegne av Innkjøpssamarbeidet Sunnmøre og Møre og Romsdal fylke. All informasjon om avtalen finn de på innkjøpssidene på Torget Utdanning. Denne informasjonen blir oppdatert etter kvart som vi mottek ny informasjon frå dei ulike leverandørane, og vi oppmodar dykk om å besøke sidene når de har spørsmål om avtalane.

Det vil bli gått inn nye rammeavtaler for fylket sine verksemnder på Nordmøre og Romsdal seinare i haust, og det vil bli sendt ut informasjon til aktuelle deltakarar når den ligg føre.

Les meir

Nytt frå INNKJØP: Rammeavtale om skolemøblar

Avtalen med Grande Trevare om levering av skolemøblar er forlenga i 1 år, fram til 30.11.2010.

Les meir

Med Norwegian frå Molde

Norwegian

20. august starta Norwegian flygingar frå Molde. Med dette blir det to flyselskap som har avgangar frå Molde – SAS og Norwegian.
 
Bestilling av billetter skaI skje frå HRG sitt online bookingsystem, sjå info om rammeavtale reisebyråtenester. I booking-systemet er det lagt inn billettbestilling både frå SAS og Norwegian.

Les meir

Nye priser på rammeavtalar med Ødegaard Engros AS

Ødegaard Engros

I samsvar med vilkåra for prisregulering i rammeavtalane er det lagt inn nye prisar på kjernesortimentet for rammeavtalane som gjeld Kontor- & datarekvisita, Maskiner & forbruksvare til reinhald & drift og Makuleringsmaskiner. 

Les meir

Apparatstøtte ved kjøp av mobiltelefon

Telenor Mobil

Innkjøpsseksjonen høyrer frå 1. januar 2009 inn under juridisk avdeling, og har flytta til 7. etasje i fylkeshuset. For refundering av apparatstøtte frå Telenor må kopi av fakturaen med påført mobilnummer heretter sendast til Juridisk avd, Innkjøpsseksjonen, eller på e-post til ein av kontaktpersonane under. Vidare vil apparatstøtta som før bli tilbakeført den enkelte verksemd. 

Les meir