Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Tirsdag 4. desember 09:00 - Tirsdag 4. desember 16:00

Bergtatt opplevelser, Eide

Avspark for stor satsing på kulturturisme!

 

Ein bit av historia
 

Næringsliv, kommunar, frivillige lag og foreiningar, privatpersonar: I 2019 blir det mogleg å søke om støtte til tiltak og prosjekt, og den 4. desember får du høyre korleis!

Bli med på kick-off for «Ein bit av historia!»

Har du gått Kongeveien over Filefjell, eller høyrt nokon skryte av pilegrimsvegen frå Spania til Portugal, Santiago de Compostela? Slike opplevingar kan også vi få til i fylket vårt!

Vi skal jobbe for at kulturturisme skal bli heilårsnæring: Verdiskapingsprogrammet ‘Ein bit av historia’ skal stimulere til at det veks fram nye tilbod, opplevingar og arbeidsplassar som bygger på historia og kulturarven vår langs historiske strekningar i Møre og Romsdal, som Valldalsleia, Den Trondhjemske postvei, og Kystpilegrimsleia.

Er du interessert i kulturarv og kulturturisme? Uansett – kor du bor, kva for ein idé du har eller om du berre er litt nysgjerrig:  Vi inviterer DEG til kick-off for satsinga i Bergtatt opplevelser, 4. desember 2018!

Oppmøte på parkering ved Nilsen - museet, Nåsvegen 304 i Eide. Les meir om Bergtatt Opplevelser her.

 

  • Møt folk som har skapt verdiar av kulturarv og kulturminne
  • Møt gründerar frå inn- og utland som jobbar med digital formidling
  • Møt nestoren av Ljøbrekkas venner og hjernen bak Kongeveien over Filefjell.
  • Kven er framtidas turist? Vestlandsforskning har svaret
  • Korleis skal vi jobbe med programmet ‘Ein bit av historia’? Kva ønsker vi å få ut av det?
  • Kva kan kommunar, frivillige og næringsaktørar få ut av verdiskapingsprogrammet?
 

Føredragshaldarar

 
 

Program for dagen:

 Deltaking er gratis. Det blir servet lunsj, og vi legg til rette for gluten- og laktosefrie alternativ.

Påmeldingsfrist er utgått

Kontaktpersonar

Elin Kanck Lorentzen
Rådgivar
71 28 03 28 / Mob. 990 27 502
Send e-post