Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Onsdag 23. januar 09:00 - Torsdag 24. januar 16:00

Molde

Konferansedagar for Den kulturelle skulesekken

Den kulturelle skulesekken er kjent for mange både i skulen, i kunst- og kulturlivet, i forskings- og utdanningsmiljø. Den 23. og 24. januar 2019 inviterer vi til konferansedagar for alle desse, eit arrangement som erstattar det tradisjonelle Kulturtorget.

Konferansedagane har to delar, med ulike målgrupper.

Del 1:
Fagdagar for Den kulturelle skulesekken er meint for kommunekontaktar, kulturkontaktar i skule og elevar i vidaregåande skule. Fagdag for grunnskule går over ein dag (23. januar), medan vidaregåande skule får eit program som går over to dagar (23. og 24. januar).

Det blir visning av produksjonar, verkstad og ulike foredrag.

Del 2:
Dialogkonferansen «Kunst og kreativitet i framtidas skule» går over ein dag, den 24. januar, og er meint for leiarar for oppvekst, skule og kultur, politisk leiing, kommunekontakt for DKS og rådgivarar innan oppvekst og kultur. Både kommunane og fylkeskommunen blir oppmoda til å stille med ei samla gruppe der skule  og kultur på alle nivå er representert.

Dialogkonferansen gir deg ny innsikt om kreativiteten si betyding for eleven si læring! Lytt til hjerneforskar Kjeld Fredens, la deg inspirere av dramapedagog Nina Andresen-Borud og få siste nytt frå internasjonal forsking om betydinga kunst og kultur har for elevar sitt liv – «Time to Listen». Og! Diskuter alt med kollegaene dine, på ein og same dag!

Dialogkonferansen er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Høgskulen i Volda, SEANSE og Kulturtanken.

Sjå vedlegg for meir informasjon detaljar knytt til konferansen. Endeleg program blir ferdig tidleg i desember!

Konferansedagane er ein del av fylkeskommunen si satsing på «UNG kultur i Møre og Romsdal».

For informasjon om prisar og påmelding, sjå eige vedlegg.

Påmeldingsfrist er 11.januar

Påmelding er bindande, og faktura for deltakaravgift blir sendt ved avbud.

UNG kultur Møre og Romsdal
Påmeldingskjema - Konferansedagar for Den kulturelle skulesekken
  1. Vi sender samlefaktura til kvar kommune.
  2. 8 siffer uten mellomrom
  3. Hjelp oss å sikre at produksjonen blir vist i rett lokale, med nok publikumskapasitet
  4. Om det er nokon som har matallergi, behov for teleslynge o.l, send e-post til maria.haukas@mrfylke.no.
  5. NB! Påmelding er bindande!

    Ved å sende inn dette skjemaet samtykker du i at opplysningane i dette skjemaet (namn, kven du representerar og deltaking) blir gjort synleg for andre.
Vis innsendte svar »

Kontaktpersonar

Camilla Wiik Camilla Wiik
Rådgivar
71 28 03 09 /
Mob. 906 74 399
Send e-post
Elin Kanck Lorentzen
Rådgivar
71 28 03 28 /
Mob. 990 27 502
Send e-post