Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Tirsdag 12. november 10:00 - Onsdag 13. november 15:00

Ålesund, Scandic Parken

Kampen om sjøareala

Kampen om sjøareala

Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer kommunar, fylkeskommunar, statlege sektormyndigheiter, nærings- og interesseorganisasjonar til nasjonal plankonferanse i Ålesund 12. – 13. november 2019.

Sett av datoen i kalenderen!

Jobbar du med eller lurar du på noko av dette:

  • Korleis vektar vi samfunnsnytta i kystsonesaker? 
  • Kva treng vi for å få gode planar og konsekvensutgreiingar i sjø?
  • Ryddar vassforvaltninga opp etter aktivitetar og utslepp frå land?
  • Kva er konsekvensane av motstridande interesser og aktivitetar langs kysten?

 

Tema for konferansen er planlegging og motstridande aktivitetar i kystsona med særleg vekt på kunnskapsgrunnlaget og gode eksempel.

Vi har laga ein nasjonal arena der politikarar og saksbehandlarar får den nyaste informasjonen og ikkje mist kan dele erfaringar.

Informasjon om pris og program blir sendt ut så snart det er klart. Påmelding vil bli lagt ut denne sida.

Kontaktpersonar

Rebekka Varne Rebekka Varne
Rådgivar akvakultur
71 28 03 51 /
Mob. 918 59 402
Send e-post
Johnny Loen Johnny Loen
Plansamordnar
71 28 02 43 /
Mob. +4741631775
Send e-post