Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Lørdag 15. juni 10:00 - Søndag 16. juni 16:00

Surnadal - Surnadal kulturhus, Angråmyra og Åsen bygdemuseum

Lær å legge kavlveg

Riksantikvaren, Møre og Romsdal fylkeskommune og Surnadal kommune ønskjer at fleire får mulegheit til å ta del i den kunnskapsoverføringa som ligg i bygging av kavlveg etter tradisjonelle metodar. Difor inviterer vi til kurs i å legge kavlveg.

Surnadal kommune rekkonstruksjon av ny veg

Kurset består av ein kombinasjon av presentasjonar/demonstrasjonar og praktisk arbeid med legging av kavlveg. Kurset er to-delt, men ein kan kun melde seg på heile kurset.

Første del av kurset går helga 30.-31. mars og har vekt på tradisjonskunnskap, verdiskaping og friluftsliv knytta til kulturminne. I tillegg skal vi lære å ta ut hogst og klyve stokkar til kavlveg.

Andre del av kurset går helga 15.-16. juni. Her skal vi legge kavlveg. Vi får og lære litt om resultat frå NTNU Vitenskapsmuseet si arkeologiske undersøking av den gamle kavlveg-konstruksjonen som nett gjekk føre seg i mai.
Velkomen til eit kurs i ein tradisjonell og bærekraftig byggemetode som tek vare på naturen, brukar lokale ressursar og er aktuell for framtidige turstiar!

Les meir om bakgrunnen for kurset her.

Du finn også informasjon på facebook.

Praktiske opplysningar:

  • Ta med øks, gjerne smaløks om du har.
  • Ta med arbeidsklede og gode støvlar.
  • Alle kursdeltakarar må ta med seg sju vedskier i bjørk! Desse skal bli til sju bjerkepinnar som skal brukast til klyving av stokkar, sjå bilete over.
  • Kurspris: Kr. 600,- pr person, inkluderar 4 kursdagar med lunsj og kaffe.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Anne Lise With Wullum på e-post: anne.lise.wullum@surnadal.kommune.no eller mobil: 908 50 020

Kursprogrammet finn du her

 
Lær å legge kavlveg
  1. Har du matallergi? Ta direkte kontakt med Thon Hotel Surnadal på tlf. 71657100
    Ved å sende inn dette skjema godtek du at namnet ditt blir synlig for andre.

    Alle opplysningane du oppgir i skjemaet vil berre bli brukt til dette kurset, og vil bli sletta så snart kurset er over.
    NB! Påmelding er bindande
Vis innsendte svar »

Dokument

Kursinformasjon Kavlveg
PDF-dokument - 861,06 kB