Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Torsdag 28. mars 12:45 - Torsdag 28. mars 16:30

Smøla

Kulistein-konferansen

Vi vil gjere Kulisteinen til ein kjendis!

Kulisteinen blir ofte omtala som Noregs dåpsattest, men er likevel ikkje godt nok kjend som det. Dette tek vi tak i – og inviterer til konferansedag på Smøla. Det blir ein dag med fagleg og kulturelt innhald – blant anna workshop om pilegrimstradisjonar som grunnlag for kulturturisme, foredrag om viktingtid og overgangen frå gammal til ny tid og kultursamtaler. Noko av dette er lagt som parallelle sesjonar, sjå program som ligg i høyre marg.

I tillegg blir det eit opent kveldsarrangement i Edøy kyrkje på Innsmøla der vi får foredrag frå bl.a. Øyvind Ødegaard, leder for den Norske komiteen for verdens dokumentarv, Jan Ragnar Hagland, professor og ekspert på runer, Mona Renate Ringveij, historikar. Kvadet om Kulisteinen blir også framførd!

Parallelt vil ei gruppe med forskarar, arkeologar, historikarar og andre gjennomføre eit lukka «Grubleseminar» med fokus på Kulisteinen. Alle desse deltek på eit todagers seminar, og vil vere med på kveldsarrangementet.

Konferansen arrangeres i et samarbeid mellom Smøla kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Nordmøre museum og NTNU Vitenskapsmuseet.

Program finn du i høgremenyen.

Frist for påmelding: 14.mars 2019

Kulistein-konferanse 28.mars 2019
  1. organisasjon, privat, frivilligheit el.l.
  2. Ved å sende inn dette skjemaet samtykker du til at namn, kven du representerar og deltaking blir gjort synleg for andre.

    Opplysningane frå skjema vil blir sletta når arrangementet er over.
Vis innsendte svar »

Kontaktpersonar

Elin Kanck Lorentzen
Rådgivar
71 28 03 28 / Mob. 990 27 502
Send e-post

Dokument

Agenda Kulistein-konferansen
PDF-dokument - 407,88 kB
Reiseinformasjon Kulistein-konferansen
PDF-dokument - 595,14 kB