Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Fredag 26. april 10:00 - Fredag 26. april 16:00

Mottaket, Ålesund

Kunstnar –kall eller yrke?

Neste kunstnartreff i Møre og Romsdal har som tema å kunne leve av sin kunst.

Samlinga skal handle om moglegheiter og utfordringar for profesjonelle kunstnarar til å kunne leve av sin kunst.

Programmet inneheld møte med andre kunstnarar innan fleire kunstfelt, foredrag og panelsamtale.

Seanse kunstnertreff

Kunstnartreffet vil vere på «Mottaket», som er eit lokale i Ålesund for produksjon og visning av fleire kunstartar https://www.aggregatatelier.no/mottaket-kunstscene/

Kultur- og Folkehelseutvalet vedtok i 2018 ein kunstpolitikk, og gjennom dette ønskjer Møre og Romsdal Fylkeskommune å oppnå

  1. auka produksjon og formidling av profesjonell kunst innan alle kunstområde
  2. eit styrka kunstmiljø gjennom relevant og høg kompetanse
  3. vidare vekst i verdiskaping knytt til den profesjonelle kunsten

Kunstnartreffet er eit av tiltaka, og vi er glade for at Seanse – Senter for kunstproduksjon i Volda vil vere arrangør av dette treffet. Kontaktperson på Seanse er Silje Elise Grevsnes Tlf 700 75 323/ 95 10 30 59.

Kven passar det for?

Profesjonelle kunstnarar og kunstmiljø i Møre og Romsdal.

Praktisk informasjon

Samlinga er gratis.

Adresse for Mottaket: Nedre Strandgate 2 A

25.-27.april foregår også arrangementet The North West i Ålesund, sjå https://thenorthwest.no/

Påmeldingsfristen er utgått

Kontaktpersonar

Lene E. Torgersen Mordal Lene E. Torgersen Mordal
Rådgivar, Seksjon for kulturformidling
71 28 03 22 /
Mob. 482 96 853
Send e-post

Dokument

Invitasjon
PDF-dokument - 170,24 kB
Bidragsytarane
PDF-dokument - 488,56 kB